The Contemporary English-Speaking World 2009
Læringsutbytte
Studenten skal ha ei grunnleggande forståing for og kunnskap om endringane og dynamikken i den engelskspråklege verda dei siste tretti åra, og ha grunnleggande faktakunnskapar om vesentlege hendingar og utviklingstrekk, særlig innanfor litteratur- og kulturfeltet, men og innanfor politikk og samfunn. Studenten skal vidare kunne diskutere og analysere litterære tekstar med kritisk blikk og med bruk av relevant terminologi.
Læringsmål
Emnet har som målsetjing å gje studentane ei brei innføring i litteratur og kultur frå heile den engelskspråklege verda frå perioden etter 1980, og bevisstgjere dei i litterær analyse, terminologi og tekstkritikk. Ut frå føresetnaden om at studentane finn det lettare å relatere til spørsmål og problemstillingar frå deira eiga samtid, har emnet som mål å legge eit grunnlag og å skape ei bevisstgjering for seinare emne med eit meir historisk perspektiv.
Innhold
Emnet speglar utviklinga dei siste åra av engelskfaget frå å vere konsentrert om høvesvis Storbritannia og USA til å omfatte heile verda. Engelskspråkleg litteratur reflekterer nå ei global, multikulturell verd som sprenger gamle litterære og kulturelle grenser. Emnet freistar å femne denne breidda gjennom eit omfattande spekter av tekstar: romanar, skodespel, dikt og sakprosa, med historia til den engelskspråklege verda dei siste tretti åra som bakteppe. Den samtidshistoriske ramma rundt emnet vil bli nytta som kontrast og samanlikningsgrunnlag for seinare emne med et historisk perspektiv.
Organisering
Undervisninga vert organisert som førelesingar og seminar. Førelesingane vil gje bakgrunn for de emneområda som vert tekne opp, men vil og verte nytta til å gjennomgå pensumlitteratur. Seminara vert nytta til gjennomgang og diskusjon av pensumtekstar, og legg stor vekt på aktiv deltaking frå studentane, særleg i høve til å fremje den munnlege kompetansen i faget.
Vurderingsformer
Undervegsvurderinga i emnet, normalt midt i semesteret, vil omfatte skriftleg eller munnleg prøve og/eller innleveringar som tel til saman 40% av den endelege karakteren. Avsluttande skriftleg eller munnleg eksamen tel 60%. Både undervegs- og sluttprøver må vere beståtte for å få bestått karakter i emnet. Ved begge eksamenar vert det gjeve karakterar på ein skala frå A til F, der E er dårlegaste beståttkarakter og F er stryk.
Det tas forbehold om mindre justeringer i planen.
Publisert av / forfatter Peter Fjågesund <peter.fjagesundSPAMFILTER@hit.no>, sist oppdatert av Ian Hector Harkness - 02.04.2011