Written English Project 2024

Læringsutbytte

Kunnskap:

  • Vite korleis ein skriv ei ei oppgåve som tilfredsstiller dei språklege, formelle og metodiske krava til akademisk verksemd.
  • Vere orientert om sentrale problemstillinger innen det temaet studenten har vald.

Dugleikar:

  • Tenke analytisk og sjølvstendig om språk og språklege verkemiddel.
  • Vise ei kritisk og sjølvstendig haldning til og forståing for problemstillingar knytt til studiet av språk og/eller litteratur og/eller kultur.
  • Forstå ulike språklige variantar og stilnivå.
  • Kunne skrive ei oppgåve som tilfredsstiller dei språklege, formelle og metodiske krava til akademisk verksemd

Kompetanse:

  • Evne til å bruke tillært engelskkunnskap i nye sammenhengar.
  • Evne til å bruke engelsk som eit effektivt kommunikasjonsmiddel i skrift og tale.
  • Evne til å vidareformidle kunnskapen om engelsk språk, litteratur og kultur

Læringsmål

Emnet skal gje studenten røynsle med å produsere eit arbeid som tilfredsstiller dei språklege, formelle og metodiske krava til akademisk verksemd. Nivåkravet skal såleis peike fram mot, men ikkje jamnstillast med, ei oppgåve på mastergradsnivå

Innhold

Emnet er ei individuell, skriftleg prosjektoppgåve normalt knytta til eit av dei særemna studenten har fylgd, eller, etter søknad, eit anna tema som er relevant for studieprogrammet. Tema for oppgåva, som skal skrivast på engelsk og som kan vere innanfor litteratur, kulturkunnskap eller språk i den engelskspråklege verda, vert utarbeidd i eit samarbeid mellom studenten og rettleiaren. Prosjektoppgåva skal vere på mellom 7.000 og 10.000 ord.

Organisering

Individuell rettleiing.

Vurderingsformer

Prosjektoppgåva skal leverast til sensurering som eit eksamensarbeid og tel 60%. Ein avsluttande munnleg eksamen tel 40%. Karakteren i emnet vil vere på ein skal frå A til F, der E er lågaste ståkarakter og F er stryk.

Det tas forbehold om mindre justeringer i planen.

Publisert av / forfatter Peter Fjågesund <peter.fjagesundSPAMFILTER@hit.no>, sist oppdatert av Ian Hector Harkness - 02.04.2011