Norsk 1 - Litteraturdidaktikk og retorikk NOR 502
Læringsmål
Etter fullført norsk 5–10 er sentrale mål at studenten
- kan arbeide med språk og tekst i fleirkulturelle klassemiljø og utvikle språk- og kulturforståinga hos elevane og rettleie elevane i arbeidet deira
- er ein sikker munnleg språkbrukar og stø i bokmål og nynorsk
- kan nytte faglege kunnskapar til kritisk og konstruktiv refleksjon, og kan vurdere norskfaget og eigen praksis som norsklærar
- har innsikt i norskfaget ut frå forsking og i høve til fagets historie og kunne sjå faget i eit større danningsperspektiv, og bidra til utvikling av lokale læreplanar i faget
- kan planleggje, gjennomføre og vurdere norskundervisning på ulike trinn frå 5. til 10. klasse, og bruke ulike vurderingsmåtar i norskfaget
Etter modul 2 ”Litteraturdidaktikk og retorikk” skal studenten ha tileigna seg kunnskapar, dugleikar og generell kompetanse som konkretisert nedanfor. Studenten skal kunne:
- nytte retoriske kunnskapar i arbeid med munnlege og skriftlege tekstar og kunne leggje til rette for og stimulere elevar til variert munnleg bruk av språket
- greie ut om ulike forteljeteknikkar og kunne presentere ulikt fagstoff munnleg
- greie ut om kva som kjenneteiknar munnlege, skriftlege og samansette tekstar: fiksjonstekstar og sakprosatekstar i ulike sjangrar og tekstar frå eldre og nyare medium
- greie ut om sentrale og relevante litteraturteoretiske og litteraturdidaktiske omgrep og perspektiv
- greie ut om ungdomslitteratur i ulike sjangrar og forklare korleis denne litteraturen har utvikla seg over tid
- greie ut om sentrale trekk ved barnelitteratur og nyare vaksenlitteratur
- leggje til rette for at elevar får lese eit breitt utval litteratur, også sakprega tekstar i tradisjonelle og moderne medium, at dei utviklar leselyst og gode lesestrategiar og blir stimulerte til vidare lesing
- analysere, tolke og vurdere tekstar og presentere litterære og litteraturteoretiske innsikter på varierte måtar
- samtale om litteratur og tilpasse form og innhald i samtalen med omsyn til kjønn, alder, kunnskapar og kulturell bakgrunn hos mottakarane
- bruke varierte estetiske arbeidsmåtar for auka litteraturforståing og glede hos elevane og kunne stimulere den estetiske sansen til elevane
- vurdere ulike typar norskfaglege læremiddel ut frå ulike kriterium og med tanke på læringsutbyte til elevane
- ta i bruk ulike digitale verktøy i norskopplæringa, og skape og vurdere digitale samansette tekstar
- kunne bruke drama som metode i norskfaget
- greie ut om sentrale dramateoretiske omgrep og dramatisere tekstar frå ulike sjangrar
Innhold
Arbeidet med å vidareutvikle lese- og skriveferdigheiter til elevar frå 5. til 10. trinn står sentralt i norskfaget.
I modul 1 skal studenten utvikle kunnskap om språk og utvikling av språklege ferdigheiter, og lære å nytte desse kunnskapane til i arbeid med lese- og skriveopplæring.
I modul 2 er munnlegheit og retorikk viktige emne. Studenten skal tileigne seg kunnskapar om litteratur for ulike aldersgrupper og frå ulike sjangrar og medium, og skaffe seg teoretisk og didaktisk innsikt knytt til desse teksttypane. Studenten skal òg øve opp evna til tekstanalyse og -tolking, lære å stimulere interesse for litteratur og kunne leggje til rette for litteraturarbeid og munnleg språkbruk i klasserommet.
Felles for båe modulane er vektlegginga av munnleg framstillingsevne og skriftlege ferdigheiter i båe målformer. Studenten skal òg kjenne dei utfordringane og moglegheitene det gir å arbeide i eit fleirkulturelt klassemiljø. Framfor alt skal studenten utvikle ei sjølvstendig og fagleg reflektert haldning til eit norskfag der elevens læring står i sentrum.
Studiet skal bygge på forsking. Det vil seie at utdanningsprogrammet vil formidle forskingsbasert kunnskap samstundes som studenten skal skrive oppgåver etter vitskapsteoretiske og metodiske prinsipp. Norskfaget er eit tekstfag, og derfor vil studenten også få ei innføring i grunnleggande tolkingsteori (hermeneutikk).
Organisering
I grunnskolelærarutdanning for 5–10 er norskfaget 60 studiepoeng. Norskfaget er delt inn i fire modular med 15 studiepoeng i kvar av modulane. Innhaldet i dei fire modulane byggjer på kvarandre.
Modul 2 ”Litteraturdidaktikk og retorikk” er på 15 stp.
Arbeidet i studiet vil bli organisert på mange måtar: fellesforelesingar, seminartimar, rettleiing i grupper, skrivegrupper, kortare kurs, bruk av Fronter og individuell rettleiing, m.a. i form av læringssamtalar. Læringssamtalen (m.a. mellom faglærar, øvingslærar og student) skal vere ein hjelp til å bli bevisst kva du har lært, og kva du må lære for å bli ein god norsklærar. Det dreier seg om å reflektere over eigen progresjon i forhold til dei fastsette måla for faget.
Semesterplanen, som du får utdelt i byrjinga av kvart semester, er eit bindande dokument. Her blir innhaldet og den praktiske gjennomføringa av semesteret presisert.
Nokre av forelesingane vil krevje obligatorisk frammøte. Kva for tema dette gjeld, vil bli presentert ved studiestart og presisert i semesterplanane.
Det er viktig å skrive mykje i eit fagstudium. Tekstane du skriv, i ulike sjangrar, skal du samle i ei arbeidsmappe. Arbeidsmappa skal romme alt du skriv i løpet av modulen: smått, stort, uferdig og meir gjennomtenkte tekstar. Nokre av desse tekstane vil du få tilbakemelding på av faglærar medan andre blir det forventa at du sjølv, saman med medstudentar, gir tilbakemelding på. Målet med mappearbeid er at du alltid kan arbeide vidare med tekstane over tid. Faglærar skal ikkje rettleie mappearbeida fram til ”ferdig tekst”, men dei må vere av ein slik kvalitet at faglærar kan godkjenne arbeidsmappa som dokumentasjon på arbeidskrav.
I løpet av studiet vil du også få norskfaglege oppgåver knytt til praksis, og du skal delta i arbeid på tvers av fag.
Vurderingsformer
Du vil møte to former for vurdering i norskstudiet: undervegsvurdering og sluttvurdering. Undervegsvurderinga er den fortløpande vurderinga du vil få, i form av tilbakemeldingar på munnleg og skriftleg arbeid. Sluttvurdering vil du få etter kvar modul.
Sluttvurdering etter modul 2 er ein individuell munnleg eksamen med gradert karakter.
Det tas forbehold om mindre justeringer i planen.
Publisert av / forfatter Mads B. Claudi <mads.b.claudiSPAMFILTER@hit.no>, sist oppdatert av Ian Hector Harkness - 12.08.2011