Norsk 2 - Språk og litteratur i eit historisk perspektiv NOR 503

Læringsmål

Etter fullført norsk 5–10 er sentrale mål at studenten

- kan arbeide med språk og tekst i fleirkulturelle klassemiljø og utvikle språk- og kulturforståinga hos elevane og rettleie elevane i arbeidet deira

- er ein sikker munnleg språkbrukar og stø i bokmål og nynorsk

- kan nytte faglege kunnskapar til kritisk og konstruktiv refleksjon, og kan vurdere norskfaget og eigen praksis som norsklærar

- har innsikt i norskfaget ut frå forsking og i høve til fagets historie og kunne sjå faget i eit større danningsperspektiv, og bidra til utvikling av lokale læreplanar i faget

- kan planleggje, gjennomføre og vurdere norskundervisning på ulike trinn frå 5. til 10. klasse, og bruke ulike vurderingsmåtar i norskfaget

Etter modul 3 ”Språk og litteratur i eit historisk perspektiv” skal studenten ha tileigna seg kunnskapar, dugleikar og generell kompetanse som konkretisert nedanfor. Studenten skal kunne:

- drøfte korleis elevar på ungdomssteget kan vidareutvikle skriveferdigheitene sine, både elevar med norsk som førstespråk og norsk som andrespråk

- greie ut om talemålsvariasjonen i moderne norsk på historisk og dialektologisk grunnlag

- greie ut om norsk språkhistorie etter 1800 og om gjeldande normering av bokmål og nynorsk

- greie ut om språk som ungdom brukar

- samanlikne tekstar skrivne for ungdom og vaksne med omsyn på innhald, form og funksjon

- greie ut om sentrale sider ved norsk litteraturhistorie, og drøfte plassen ulike tekstar har i litteraturhistoria

- bruke kunnskapen om talemål og skriftspråksnormering i skriveopplæringa

- leggje til rette for og gjennomføre undervisning i den målforma som er sidemål for elevane

- setje sentrale norske tekstar og eit utval samiske tekstar (i omsetjing) inn i ein historisk samanheng og sjå dei i lys av nordisk og annan internasjonal litteratur

Innhold

Norsk 2 handlar om språk og tekst i fortid og samtid. I modul 3 er det historiske perspektivet sentralt, både når det gjeld språklege og litterære emne. Dei språklege emna er knytte til både notid og fortid, t.d. språkhistorie, ungdomsspråk og sidemålsdidaktikk. Studenten skal også lesa både eldre og nyare skjønnlitteratur, essay og saksprosa, av og til med eit komparativt blikk på nordisk og internasjonal litteratur.

Studiet skal bygge på forsking. Det vil seie at utdanningsprogrammet vil formidle forskingsbasert kunnskap samstundes som studenten skal skrive oppgåver etter vitskapsteoretiske og metodiske prinsipp. Norskfaget er eit tekstfag, og derfor vil studenten også få ei innføring i grunnleggande tolkingsteori (hermeneutikk).

Organisering

I grunnskolelærarutdanning for 5–10 er norskfaget 60 studiepoeng. Norskfaget er delt inn i 4 modular med 15 studiepoeng i kvar av modulane. Innhaldet i dei 4 modulane byggjer på kvarandre.

Modul 3 ”Språk og litteratur i eit historisk perspektiv” er på 15 studiepoeng.

Arbeidet i studiet vil bli organisert på mange måtar: fellesforelesingar, seminartimar, rettleiing i grupper, skrivegrupper, kortare kurs, bruk av Fronter og individuell rettleiing, m.a. i form av læringssamtalar. Læringssamtalen (m.a. mellom faglærar, øvingslærar og student) skal vere ein hjelp til å bli bevisst kva du har lært, og kva du må lære for å bli ein god norsklærar. Det dreier seg om å reflektere over eigen progresjon i forhold til dei fastsette måla for faget.

Semesterplanen, som du får utdelt i byrjinga av kvart semester, er eit bindande dokument. Her blir innhaldet og den praktiske gjennomføringa av semesteret presisert.

Nokre av forelesingane vil krevje obligatorisk frammøte. Kva for tema dette gjeld, vil bli presentert ved studiestart og presisert i semesterplanane.

Det er viktig å skrive mykje i eit fagstudium. Tekstane du skriv, i ulike sjangrar, skal du samle i ei arbeidsmappe. Arbeidsmappa skal romme alt du skriv i løpet av modulen: smått, stort, uferdig og meir gjennomtenkte tekstar. Nokre av desse tekstane vil du få tilbakemelding på av faglærar medan andre blir det forventa at du sjølv, saman med medstudentar, gir tilbakemelding på. Målet med mappearbeid er at du alltid kan arbeide vidare med tekstane over tid. Faglærar skal ikkje rettleie mappearbeida fram til ”ferdig tekst”, men dei må vere av ein slik kvalitet at faglærar kan godkjenne arbeidsmappa som dokumentasjon på arbeidskrav.

I løpet av studiet vil du også få norskfaglege oppgåver knytt til praksis, og du skal delta i arbeid på tvers av fag.

Vurderingsformer

Du vil møte to former for vurdering i norskstudiet: undervegsvurdering og sluttvurdering. Undervegsvurderinga er den fortløpande vurderinga du vil få, i form av tilbakemeldingar på munnleg og skriftleg arbeid. Sluttvurdering vil du få etter kvar av modulane.

Sluttvurdering etter modul 3 er ei presentasjonsmappe som blir vurdert til bestått/ikkje bestått. Mappa skal ha om lag like mange tekstar på nynorsk og bokmål. Krava til mappeinnhald blir spesifisert i semesterplanen.

Det tas forbehold om mindre justeringer i planen.

Publisert av / forfatter Mads B. Claudi <mads.b.claudiSPAMFILTER@hit.no>, sist oppdatert av Ian Hector Harkness - 12.08.2011