933 Kultur - arrangering, formidling og forvaltning, fordypning
Målgruppe og opptakskrav
Målgruppa er høgskolekandidatar i kulturarbeid eller studentar som har anna relevant toårig utdanning
Videre studiemuligheter
Studiet kan, saman med anna relevant utdanning, gå inn som eit sjølvstendig år i ein bachelorgrad.
Studieprogrammets innhold, oppbygging og sammensetning
Kultur - arrangering, formidling og forvaltning, tredje studieår
|
Studiet er identisk med tredje år i bachelorstudiet i Kultur - arrangering, formidling og forvaltning. Året er retta mot forvaltning og administrative emne og er i stor grad prega av sjølvstendig arbeid. I Feltarbeid med rapport skal studentane sjølv finne den kulturinstitusjonen dei vil legge feltarbeidet til. Der skal dei studere kulturproduksjon og skrive ein individuell rapport. Undervisninga i dette emnet startar i haustsemesteret, men sjølve feltarbeidet og rapporten er lagt til vårsemesteret.
Studietur kan gjennomførast på initiativ frå studentane. Dei har sjølv ansvaret for planlegging og gjennomføring, i samarbeid med dei tilsette.
Vurderingsformer
I hovuddelen av studiet nyttar ein individuell skriftleg eksamen med bokstavkarakterar, der A til E er bestått, og F er ikkje bestått.
I einskilde emne kan ein òg nytte andre evalueringsformer:
Evaluering gjennom større skriftlege arbeid og ved munnleg prøve; individuelt eller i gruppe med stått/ikkje stått eller graderte karakterar (seminaroppgåve, prosjektrapport).
Heimeeksamen over ei veke (individuelt eller i gruppe). Graderte karakterar.
Arbeidskrav knytt til undervisninga, t.d. rapportskriving frå fagturar, stutte utgreiingar, framlegging av stoff.
Alle deleksamenar og obligatoriske oppgåver må vere stått for å få stått i heile emnet.
Det tas forbehold om mindre justeringer i planen.
Publisert av / forfatter Kristin Midtbø <kristin.midtboSPAMFILTER@hit.no>,Hallgrim Høydal <hallgrim.hoydalSPAMFILTER@hit.no> - 05.01.2011