Spesialiseringsemne i verdshistorie etter 1800 - nett 3532N

Læringsutbytte

Kunnskap og forståelse:
* Inngåande kunnskap om enkelttrekk relevant for temaet: t.d. personar, samfunnsgrupper, institusjonar, økonomiske, kulturelle og ideologiske tilhøve, og hendingar knytt til desse.
* Kunnskapar om samanhengar og utviklingstrekk i tidsromet tema dekkjer.
* Kunnskap om metodar brukt i analyser av tema.
* Lære korleis historisk kunnskap er bygt opp.
Ferdigheter:
* Evne til å kritisere, kommentere eller redigere tekstar og dokument i tråd med historiefagets allmenne reglar for kritikk.
* Evne til å kommunisere munnleg om faget ved hjelp av aksepterte terminologiar og teknikkar i faget.
* Evne til kritisk å analysere historiske data, kjelder og litteratur, og til å dra sjølvstendige konklusjonar frå slikt materiale.
* Evne til å organisere kompleks historisk informasjon på logisk konsekvent måte.
* Ha kjennskap til informasjons- og søkeverktøy.
Kompetanse:
* Formidle fagleg innhald både munnleg og skriftleg.
* Kunne arbeide sjølvstendig med ei oppgjeven problemstilling.
* Ha evne til å analysere emne frå fleire sider.
* Ha medvit om og respekt for perspektiv som har ulike nasjonale, kulturelle og historiske opphav.
* Ha kritisk medvit om relasjonane mellom fortida og samtidige hendingar og prosessar.
Læringsmål
* Å gje inngåande kjennskap til to avgrensa tema i verdshistorie, eitt i tida før 1800 og eitt i tida etter.
* Å gje faktiske kunnskapar om dei to tema knytt til tid, stad, viktige enkeltpersonar og samfunnsgrupper og samfunnsinstitusjonar.
* Gje kjennskap til kjeldegrunnlag og relevant forskingslitteratur for tema.
* Øve opp evna til å vurdere stoffet i emnet kritisk og sjølvstendig.
* Gje kjennskap til tolking av kjelder ved å leggje opp eit utval kjelder relevant for tema.
* Øve opp evna til eigen skriftleg og munnleg framstilling av historisk stoff.
* Trene opp argumentasjon og analytisk tenking

Innhold

Emnet er forskingsbasert i og med at undervisningspersonalet normalt er sett saman av aktive forskarar. Kjeldemateriale frå forskinga til faglærarane vil kunne bli brukt som døme i undervisinga eller i øvingsoppgåver.
Emnet kan veksle mellom ulike enkelttema, til dømes:
* Utbrotet av første verdskrig
* Sovjetunionen 1917 – 1991.
* Utbrotet av den kalde krigen

Arbeids- og læringsformer

Studieopplegget inneheld tre hovudkomponentar i tillegg til sjølvstendig pensumlesing:
1) Samlingar med forelesingar – ein i byrjinga og ein i slutten av semesteret, kvar på to dagar (fredag ettermiddag og laurdag formiddag).
2) Fronter – vert nytta til utlegging av materiale, inkludert oppgåvetekst til obligatoriske oppgåver, og til alle innleveringar. Lydfilar med faglege foredrag/studiosamtaler vert lagt ut kvar uke. Powerpointar og liknande undervisningsmateriell vert lagt ut meir sporadisk.
3) Gruppesamtalar til via Skype eller Nefsis. Nærare tidspunkt for grupesamtalar vil bli annonsert ved starten av semesteret. Det vil også verte lagt til rette for gruppearbeid over nettet. Studentane kan også stille faglege spørsmål i Forumet i Fronter. Spørsmål og svar vil då vere tilgjengelege for alle studentar. For spørsmål av meir individuell karakter vil faglærarane vere tilgjengelege på e-post og telefon.

Vurderingsformer

Vurderinga består av ei undervegsprøve og ei sluttprøve.
Undervegsprøva består i ei obligatorisk innleveringsoppgåve i Fronter. Oppgåva skal vere på mellom 9000 og 11000 teikn. Prøva blir vurdert med godkjend/ikkje godkjend. Godkjend undervegsprøve er eit vilkår for å gå opp til sluttprøve. Kandidatar som ikkje står på undervegsprøva på første forsøk, får høve til å prøve igjen ein gong.
Sluttprøva er ein skoleeksamen på tre timar i slutten av semesteret. Heile pensum kan prøvast. Her vert det gjeve karakterar på ein skala frå A-F, hvor A er best og F er ikkje stått.

Det tas forbehold om mindre justeringer i planen.

Publisert av / forfatter Eline Flesjø <Eline.FlesjoSPAMFILTER@hit.no> - 12.04.2012