Språket i utvikling og variasjon (samlings- og nettbasert) 2120

Læringsutbytte

Etter studiet skal studenten kunne gjere greie for kva for språklege endringar som ligg til grunn for mangfaldet i det moderne norske talemålet. Han/hun skal ha oversikt over dei viktigaste diakrone utviklingstrekka frå urnordisk språk og fram til i dag, både dei indre endringane i språket og dei ytre faktorane. I tillegg skal studenten vere i stand til å heimfeste norske målføre ut frå dei ulike dialekttrekka. Studiet skal føre til kunnskap om sambandet mellom ulike former for språkleg variasjon og ulike samfunnstilhøve. Studenten skal og kunne vurdere tekstar av andrespråksbrukarar og vere medveten om ulike trekk frå mellomspråk.

Innhold

Språket i utvikling og variasjon frå fellesnordisk tid og fram til i dag, og norsk som andrespråk (målspråk).

Arbeids- og læringsformer

Annakvart vårsemester. To helgesamlingar à to dagar, nettforelesingar og nettsamtaler i grupper. To timar til ei fast tid kvar veke vil lærarane vere disponible i eit samtalerom på fronter.Det vil bli gitt oppgåver som blir gjennomgått i samtalene. Dessutan blir det jamleg lagt ut undervisningsstoff på fronter. Emnet går inn i bachelorgraden i språk og litteratur med fordjupning i norsk, og i årsstudiet i norsk. Emnet er obligatorisk for studentar som vil ha undervisningskompetanse i norsk i grunn- og vidaregåande skole.

Vurderingsformer

Vurderingsformene er individuelle heimeoppgåver og skriftleg individuell prøve (sluttprøve). Kvar student leverer 3 skriftlege oppgåver, der dei to beste til saman tel 40 %. 5 timars sluttprøve tel 60 %. Alt skal skrivast på nynorsk. Det krevst ståkarakter på både dei teljande hemeoppgåvene til saman og på sluttprøva. Alt skal skrivast på nynorsk.

Det tas forbehold om mindre justeringer i planen.

Publisert av / forfatter Sigrid Aksnes Stykket <sigrid.a.stykketSPAMFILTER@hit.no>, sist oppdatert av Evy Beate Tveter - 03.02.2012