Biogeografi 4309
Læringsutbytte
Etter fullført emne skal studentane ha følgjande læringsutbytte i form av kunnskap, ferdigheiter og generell kompetanse
- kunnskaper i og ferdigheter med feltarbeid og planlegging av feltarbeid
- kunnskaper om jordas klimasoner og klimatiske vegetasjonssoner
- kunnskaper om vern av biologisk mangfold og biotoper
- kunnskap om Middelhavsregionen og ferdigheter i feltarbeid på Mallorca
- kunnskaper i arktisk økologi og biogeografi
- kunnskaper og generell kompetanse som kan stimulere til videre faglig forjupning og utvikling
Innhold
Hovudemnet er bygd opp omkring plante- og dyregeografiske regionar med særlig vekt på Arktiske område og Middelhavsområdet. Middelhavsregionen er fordjupningsområde.Gjennom arbeidet med dette emnet, skal studentane skaffe seg oversikt over geografisk lokalisering og fordelinga av hovudtypar økosystem på jorda. Ein skal leggje vekt på faktorar som påverkar utviklinga av ulike økosystem herunder inngrep frå menneska naturlege endringar og ressursbruk. Biologiske faktorar må vurderast i forhold til økonomiske og kulturelle faktorar. Emnet inneheld eit obligatorisk feltkurs på minst 40 timar. Feltkurset er lagt til Mallorca. Forvaltning av truga artar og ei bærekraftig utvikling av økosystema inngår i emnet. Studentane skal også arbeide med tilrettelegging og planlegging av undervisning i emnet biogeografi.
Arbeids- og læringsformer
Fagplanen gir grunnlag for fleksibel gjennomføring av studiet. Mykje lærestoff og rettleiingar er tilgjengeleg på internett via fronter. Feltkurset på 45 timar til fordjupingsregionen (Mallorca) blir arrangert i overgangen april/mai. Organiseringa av studiet blir også synleggjort gjennom arbeidsformene. Sjølvstudium med nettbasert rettleiing og samarbeid mellom studentar på internett ved hjelp av fronter er ei viktig arbeidform. I undervisninga inngår lærarrettleiingar, forelesingar og feltarbeid. Arbeidsformene skal vise korleis kunnskap kjem fram i vitskapsfaget biologi. Oppmelding til emnet finn stad på hausten. Studentane må sende ein e-post til emneansvarleg innan 15. november hausten før dei skal ha emnet.
Vurderingsformer
Individuell skriftleg 4 timars eksamen. Feltkurs må vere godkjent for at studenten skal kunne avlegge eksamen
Det tas forbehold om mindre justeringer i planen.
Publisert av / forfatter Per Arne Åsheim <Per.A.AsheimSPAMFILTER@hit.no>, sist oppdatert av Anette Norheim Fredly - 09.11.2012