Vassforsyning og grunnvatn 4402N

Læringsutbytte

Etter fullført emne skal studentane ha følgjande læringsutbytte i form av kunnskap, ferdigheiter og generell kompetanse:

  • Skal vite om alle element i eit vassforsyningssystem
  • Skal kunne sentrale paragrafar i Drikkevannsforskriften, vere klar over kvalitetskrava til drikkevatn og kjenne til tiltaksnivå
  • Skal kunne vurdere potensielle vasskjelder
  • Skal kunne velje aktuelle måtar å reinse vatnet på
  • Skal kjenne til leidningsnett og kummar
  • Skal ha opparbeid kompetanse til å bestemme restriksjonar ved skjerming av vasskjelder
  • Skal ha kunnskap om akviferar i fjell og lausavsetningar
  • Skal kunne Darcy’s lov om strøyming av vatn i porøse media
  • Skal kunne berekne grunnvassavrenning og grunnvatnets strøymingshastigheit
  • Ha kunnskap om markvatn
  • Skal vite om varmereservoaret i ein akvifer
  • Skal kjenne til og kunne bruke felt- og berekningsmetodar i hydrogeologi

Innhold

  • Vassforsyning
  • Drikkevannsforskriften
  • Val av vasskjelde
  • Vasskvalitet og kvalitetskrav til drikkevatn
  • Reinsing av drikkevatn
  • Leidningsnett
  • Inntaksordningar inkludert brønnar
  • Skjerming av overflate- og grunnvasskjelder
  • Grunnvatn i fjell og lausavsetningar
  • Samspelet mellom markvatn, grunnvatn og overflatevatn
  • Grunnvatnet som drikkevassressurs og som energikjelde
  • Strøyming av grunnvatn
  • Innføring i matematisk modellering av grunnvasstrøyming
  • Forvaltning av grunnvassressursar
  • Hydrogeologiske felt- og berekningsmetodar

Arbeids- og læringsformer

Undervisninga er nettbasert med PowerPoint bilde på Fronter. Det er ei utferd til vassverk, og ein dag samling med forelesning om grunnvatn og befaring i eit grunnvassfelt. Prisen for utferd er kr. 100.

Vurderingsformer

Det er ei semesteroppgåve som tel 30%, og ein 4 timar skrifteleg eksamen som tel 70%. Semesteroppgåva må vere stått for å gå opp til eksamen.

Det tas forbehold om mindre justeringer i planen.

Publisert av / forfatter Harald Klempe <Harald.KlempeSPAMFILTER@hit.no>, sist oppdatert av Anette Norheim Fredly - 05.10.2012