Bacheloroppgåve - avsluttande prosjekt 60FKUN3P

Innhold

Kunnskap innan tradisjonsbasert formgjeving i eit materiale har fått mindre plass i vår tid. Arbeidet med bacheloroppgåva skal gje studentane ein tryggare ståstad for å kunne halde fram som utøvarar etter fullført bachelorstudium ved at dei har kunne arbeide med å spesialisere seg innafor eit materiale i tre år.

Bacheloroppgåva i vårsemesteret byggjer på undervisninga om hausten.

Studentane skal få høve til å fordjupe seg innan sine fagfelt, både teoretisk og praktisk.

Studentane skal arbeide systematisk for på den måten å tileigne seg ny kunnskap. Semesteret startar med utforming av eit prospekt som dannar grunnlaget for det vidare arbeidet. Studenten skal definere prosjektet sitt ved å avgrense studiefeltet sitt, utforme problemstilling, lage framdriftsplan mm. Prospektskissa skal vere godkjend før studenten går i gang med det sjølvstendige arbeidet

  • Studenten skal kunne avgrense studiefeltet sitt, utforme problemstillingar, bruke kjeldemateriale, presentere og vurdere resultat av arbeidet sitt.
  • Studenten skal få kunnskap om ulike metodar for innhenting av datamateriale og på bakgrunn av dette velje hensiktsmessige metodar i sitt studium der kombinasjonen av praktiske og teoretiske tilnærmingar vil vere sentrale

Prosjektet skal innehalde både ein teoretisk og ein praktisk utøvande del, og skal reflektere målet for dette studiet som er å nå eit høgare nivå som utøvar. Arbeide med fordjupingsoppgåva skjer under rettleiing, seminarundervisning og sjølvstudium.

Studentane skal sjølve søke litteratur og kjelde for dette prosjektet.

Arbeids- og læringsformer

Arbeids- og undervisningsformene i studiet er seminar, individuell rettleiing og sjølvstudium. Etter at prospektet for fordjupingsoppgåva er godkjent i vårsemestert, må studenten sjølv arbeide for å hente inn kunnskap, både teoretisk og praktisk kunnskap gjennom arbeid innan sitt materiale, fram til endeleg bacheloreksamen.

Det vert organisert 3 obligatoriske vekesamlingar i delemne 4 i vårsemesteret, der studentane legg fram arbeidet sitt, får tilbakemeldingar på eigne prospektskisser og er aktive deltakarar i medstudentane sine framleggingar. Ein kan også i desse samlingane ta opp til drøfting felles tema og problemstillingar. Mellom samlingane arbeider studenten sjølvstendig og under rettleiing.

Det vert mogleg å ta delar av studiet i utlandet. Studieopphaldet i utlandet i dette tredje året vert lagt til vårsemesteret.Studentar som har valt å ta delar av dette semesteret ved ein utanlandsk institusjon, vil kunne få fritak frå deltaking på dei obligatoriske samlingane, men skal ha kontakt med rettleiar ved heimeinstitusjonen og avlegge endeleg eksamen der.

Vurderingsformer

Vårsemester, 30 studiepoeng

Arbeidskrav som må vere bestått for å få vitnemål:

Studenten må ha delteke på dei 3 obligatoriske vekesamlingane

Studenten skal møte opp til obligatoriske rettleiingstimar

Prosjektarbeid – bacheloroppgåve vert vurdert med karakter og tel 100 % av karakteren

Bacheloroppgåve skal presenterast ved avslutninga av studieåret gjennom utstilling og munnleg framlegging.

( A-E er bestått karakter, F er ikkje bestått)

Det tas forbehold om mindre justeringer i planen.

Publisert av / forfatter Bodil Akselvoll <Bodil.AkselvollSPAMFILTER@hit.no> - 31.01.2012