Felles innføringsdel 30MASTFD

Læringsutbytte

  • Studenten skal ha tileigna seg kunnskap om tradisjonskunsten og den kulturelle konteksten tradisjonskunsten er i og om metode og teori som er relevant for det enkelte prosjekt.
  • Studenten skal ha tileigna seg ferdighet til å orientere seg i feltet, arbeide praktisk og problematisere, kontekstualisere og grunngje den utøvande praksis.
  • Studenten skal ha tileigna seg generell kompetanse i å analysere og evaluere kulturelle uttrykk.

Innhold

Det faglege innhaldet i mastergradsstudiet fell i to delar, den felles innføringsdelen og den individuelle praktisk-teoretiske delen: mastergradsprosjektet m. forprosjekt.

Den felles innføringsdelen:

Ein vil få ei felles innføring gjennom 3 hovudtema:

  • Kunstteori og tradisjonskunst
  • Tradisjon, kultur og identitet
  • Grunnlagsproblem og dokumentasjon

Desse vil i nokon grad gripe inn i og overlappe kvarandre.

Kunstteori og tradisjonskunst: Studentane skal kunne drøfte kunstomgrepet og ha ei oversikt over sentrale problem i estetisk forsking. Det vil bli lagt spesiell vekt på forståinga av tradisjonskunst som ei eiga kulturform i ein større kontekst.

Tradisjon, kultur og identitet: Studentane skal kunne drøfte identitetsprosessar rundt tradisjon og tradisjonskunst i ulike kulturelle kontekstar. Eit særleg tema er kommunikasjon og formidling av tradisjonskunst og endringar i høve til nye medium, globalisering og andre kulturelle tilhøve. Andre viktige felt er klasseproblematikk og nasjonalisme, t.d. spørsmål om korleis vår norske identitet blei knytt til folkekulturen og bygde-Noreg.

Grunnlagsproblem og dokumentasjon: Studentane skal få innføring i grunnlagsproblem som gjel kunnskapsteori, med særleg fokus på tilhøvet mellom verbal og andre typer kunnskap. Studentane skal også få innføring og praksis i innsamling og dokumentasjon av tradisjonsmateriale.

Studentane skal også skaffe seg ei oversikt over det vitskapsteoretiske feltet innan kunst- og kulturfaga og bli kjend med viktige omgrep og problemstillingar i tilknytning til dette. Fokus vil vere på teoretiske og metodiske problem, som skal førebu studenten på arbeidet med forprosjektet og mastergradsprosjektet, der integrering av teoretiske og utøvande element vil vere sentralt

Arbeids- og læringsformer

Det vil bli førelesingar og seminar både med faste lærarar og gjesteførelesarar. Undervisning og prøver i den felles innføringsdelen skjer for det meste i haustsemesteret.Vanlegvis er undervisninga konsentrert til tirsdag,onsdag og torsdag.Nokre av undervisningsøktene kvart semester blir fagseminar som også inneheld praktisk utøvande workshops. Det vil bli gjeve oppgåver og informasjon undervegs.

Vurderingsformer

Den felles innføringsdelen av mastergradsstudiet vil utgjere 30 studiepoeng .

Det vil bli kravd to innleveringar, i midten og på slutten av første semester. Den første må vere evaluert til ”bestått” for at studenten kan gå vidare til neste skriftlege innlevering. På denne innleveringa vil det bli gjeve karakter på skalaen A-F. Karakterane A-E er ”bestått”, karakteren F er ”ikkje bestått”. Karakteren på den avsluttande innleveringa vil telje ¼ av den samla karakteren i heile mastergradstudiet.

Det tas forbehold om mindre justeringer i planen.

Publisert av / forfatter Bodil Akselvoll <Bodil.AkselvollSPAMFILTER@hit.no>, sist oppdatert av Ian Hector Harkness - 02.09.2012