Tradisjonsbasert design 60FKUN3

Innhold

Studentane skal få høve til å fordjupe seg innan sine fagfelt (tre- metall eller tekstil), både teoretisk og praktisk.

Delemne 1:Materiale, form og teknikk (20 studiepoeng)

Gjenstanden er eit resultat av materiale, form og teknikk og utøvaren sin fortrulegheits – og ferdigheitskunnskap i høve til å beherske desse faktorane. Studenten skal få innføring i tradisjonelle teknikkar og på bakgrunn av dette arbeide vidare med eigne eksperiment og studiar i formale grunnprinsipp og i ulike materialkvalitetar. Ein skal også arbeide med teknikkar som det har vore undervist i tidlegare år, men då med eit siktemål om å utforske teknikken vidare, kanskje til andre føremål og med problemstillingar innan det formalestetiske feltet.

  • Studenten skal tilegne seg kunnskap i nye teknikkar
  • Studenten skal utforske tilhøvet mellom form, materiale og teknikkar med utgangspunkt i problemstillingar som vert presenterte
  • Studenten skal arbeide etter ein eksperimenterande metode for å kome fram til nye løysingar
  • Studenten skal reflektere og vurdere formalestetiske utfordringar og løysingar som gjeld vidareføring av tradisjon i nye gjenstandar

Delemne 2: Fagteori (5 studiepoeng)

Teoretisk kunnskap og innsikt skal auke studentane si forståing og evne til å analysere og reflektere kring tradisjon og estetiske problemstillingar og uttrykk. Ein bygger vidare på teori frå dei to tidlegare studieåra. Studentane skal få eit grunnlag for å kunne vurdere eigne uttrykk i ein notidig samanheng og bli medvitne om estetiske verkemiddel i den materielle tradisjonskunsten og i andre kunstnarlege uttrykk. Fagteorien vil omhandle både generelle kunstteoretiske uttrykk og meir fagspesifikk teori knytt til tradisjonar innan dei ulike materialområda.

  • Studenten skal sette seg inn i fagteori som er knytt til den praktiske undervisninga
  • Studenten skal få innsyn i ulike kunstnarlege uttrykk i vår tid og sette desse inn i ein større samanheng
  • Studenten skal kunne analysere og vurdere gjenstandar og kunstnarlege uttrykk

Delemne 3: Forskingsmetodikk og FoU-arbeid ( 5 studiepoeng)

Forskingsmetodikken skal hjelpe studentane til å gjere riktige val i dei ulike studieoppgåvene, både i forhold til praktiske- og teoretiske problemstillingar. Det er eit mål at studentane vert i stand til å arbeide systematisk for på den måten å tileigne seg ny kunnskap. I dette delemnet skal studentane utforme eit prospekt for arbeidet med fordjupingsoppgåva som dei skal arbeide med i vårsemesteret.

  • Studenten skal kunne avgrense studiefeltet sitt, utforme problemstillingar, bruke kjeldemateriale, presentere og vurdere resultat av arbeidet sitt.
  • Studenten skal få kunnskap om ulike metodar for innhenting av datamateriale og på bakgrunn av dette velje hensiktsmessige metodar i sitt studium der kombinasjonen av praktiske og teoretiske tilnærmingar vil vere sentrale
  • Studenten skal utforme eit prospekt som dannar grunnlaget for eit større arbeid, fordjupingsoppgåve.

Arbeids- og læringsformer

Arbeids- og undervisningsformene i studiet er forelesingar, seminar, gruppearbeid, ekskursjonar og sjølvstudium. Undervisninga i haustsemesteret er lagt til faste vekedagarr og intensive bolkar i tilknytning til oppstart og innføring av nye tema.

Vurderingsformer

Haustsemester, 30 studiepoeng

Arbeidskrav som må vere gjennomførte for å få vitnemål:

Innhald i studentmappe, tel 75 % av samla karakter:

1 studieoppgåve vurdert til bestått / ikkje ikkje bestått i delemne 1

2 studieoppgåver vurdert med karakter i delemne 1. Det er lik vekting på dei to studieoppgåvene.

Skriftleg prøve, 4 timar i fagteori, tel 25 % av samla karakter

Det vart ført ein karakter på vitnemålet.

( A-E er bestått karakter, F er ikkje bestått)

Det tas forbehold om mindre justeringer i planen.

Publisert av / forfatter Bodil Akselvoll <Bodil.AkselvollSPAMFILTER@hit.no> - 29.02.2012