Norsk 1 - Den andre lese- og skriveutviklinga NOR 501

Læringsutbytte

Norskfaget i grunnskolelærarutdanninga handlar om identitet, kultur, danning og tilhøvet vårt til samtid og fortid. Faget skal få studentane til å forstå seg sjølv i ein større, fleirkulturell samanheng. I grunnskoleutdanninga for 5. til 10. trinn rettar norskfaget seg primært mot elevar på mellom- og ungdomstrinnet i alderen mellom 11 og 16 år. Å vere lærar for denne aldersgruppa krev at ein kan leggje til rette for at elevane vidareutviklar seg som lesarar, skrivarar og munnlege språkbrukarar, og at ein kan gi opplæring i dei grunnleggjande ferdigheitene.

Studenten skal etter arbeid med NOR 501 «Den andre lese- og skriveutviklinga» ha fylgjande læringsutbytte:

Kunnskap

Studenten skal kunne

- greie ut om og drøfte relevante teoriar om lesing, skriving og lese- og skriveopplæring, og kunne drøfte dei ulike funksjonane lesing og skriving kan ha for elevars utvikling og læring

- greie ut om språket som system og drøfte språket i bruk

- greie ut om fleirspråklegheit, og kunne drøfte fleirspråkleg praksis og det å lære norsk som eit andrespråk

- kunne greie ut om samisk og andre språk og minoritetsspråk i Norden

Dugleikar

Studenten skal kunne

- vurdere og bruke relevante undervisningsmetodar i lese- og skriveopplæring og skriftforming frå 5. til 10.trinn, både for elevar med norsk som førstespråk og andrespråk, og for elevar som skriv på bokmål og elevar som skriv på nynorsk

- samanlikne norsk, svensk og dansk

- bruke språk- og tekstkunnskap i arbeid med analyse, respons og vurdering av munnlege og skriftlege elevtekstar for å fremje læring

- kartleggje og vurdere lese- og skriveferdigheiter, setje i verk relevante tiltak for tilpassa opplæring og oppdage lese- og skrivevanskar

Generell kompetanse

Studenten skal kunne

- arbeide med språk og tekst i fleirkulturelle klassemiljø, utvikle språk- og kulturforståinga hjå elevane og rettleie elevane i arbeidet deira

- uttrykkje seg ved ein klar og trygg språkbruk, både munnleg og i begge skriftlege målformer

- nytte faglege kunnskapar til kritisk og konstruktiv refleksjon, og vurdere norskfaget og eigen praksis som norsklærar

- reflektere over norskfaget ut frå forsking og i høve til fagets historie, og sjå faget i eit større danningsperspektiv, samt bidra til utvikling av lokale læreplanar i faget

- planleggje, gjennomføre og vurdere norskundervisning på ulike trinn frå 5. til 10. klasse, og bruke ulike vurderingsmåtar i norskfaget

Innhold

Arbeidet med å vidareutvikle lese- og skriveferdigheiter til elevar frå 5. til 10. trinn står sentralt i norskfaget.

I modul 1 skal studenten utvikle kunnskap om språk og utvikling av språklege ferdigheiter, og lære å nytte desse kunnskapane til i arbeid med lese- og skriveopplæring.

I modul 2 er munnlegheit og retorikk viktige emne. Studenten skal tileigne seg kunnskapar om litteratur for ulike aldersgrupper og frå ulike sjangrar og medium, og skaffe seg teoretisk og didaktisk innsikt knytt til desse teksttypane. Studenten skal òg øve opp evna til tekstanalyse og -tolking, lære å stimulere interesse for litteratur og kunne leggje til rette for litteraturarbeid og munnleg språkbruk i klasserommet.

Felles for båe modulane er vektlegginga av munnleg framstillingsevne og skriftlege ferdigheiter i båe målformer. Studenten skal òg kjenne dei utfordringane og moglegheitene det gir å arbeide i eit fleirkulturelt klassemiljø. Framfor alt skal studenten utvikle ei sjølvstendig og fagleg reflektert haldning til eit norskfag der elevens læring står i sentrum.

Studiet skal byggje på forsking. Det vil seie at utdanningsprogrammet vil formidle forskingsbasert kunnskap samstundes som studenten skal skrive oppgåver etter vitskapsteoretiske og metodiske prinsipp. Norskfaget er eit tekstfag, og derfor vil studenten også få ei innføring i grunnleggande tolkingsteori (hermeneutikk).

Arbeids- og læringsformer

I grunnskolelærarutdanning for 5–10 er norskfaget 60 studiepoeng. Om ein tar kurset 651 i Porsgrunn, er desse studiepoenga fordelte med 45 studiepoeng i fyrste studieår og 15 studiepoeng i andre studieår. I kurset 657 over nett eller på Notodden er studiepoenga fordelte med 30 studiepoeng i kvart av dei to fyrste studieåra. Norskfaget er delt inn i fire modular med 15 studiepoeng i kvar av modulane. Innhaldet i dei fire modulane byggjer på kvarandre.

Modul 1, 15 stp – Den andre lese- og skriveopplæringa. Denne modulen er lagt til haustsemesteret i fyrste studieår.

Modul 2, 15 stp – Litteraturdidaktikk og retorikk. Denne modulen er i kurset 651 lagt til slutten av haustsemesteret og fyrste del av vårsemesteret i fyrste studieår. I kurset 657 går denne modulen i vårsemesteret i fyrste studieår.

Modul 3, 15 stp – Språk og litteratur i eit historisk perspektiv. Denne modulen er i kurset 651 lagt til siste del av vårsemesteret fyrste studieår. I 657 går denne modulen i haustsemesteret i andre studieår.

Modul 4, 15 stp – Språkleg eller litterær fordjuping. Denne modulen er i kurset 651 lagt til det andre studieåret, gjennom begge semestera. I 657 går denne modulen i vårsemesteret i andre studieår.

Arbeidet i studiet vil bli organisert på mange måtar: fellesforelesingar, seminartimar, rettleiing i grupper, skrivegrupper, kortare kurs, bruk av Fronter og individuell rettleiing, m.a. i form av læringssamtalar. Læringssamtalen (m.a. mellom faglærar, øvingslærar og student) skal vere ei hjelp til å bli bevisst kva du har lært, og kva du må lære for å bli ein god norsklærar. Det dreier seg om å reflektere over eigen progresjon i høve til dei fastsette måla for faget.

Semesterplanen, som du får utdelt i byrjinga av kvart semester, er eit bindande dokument. Her blir innhaldet og den praktiske gjennomføringa av semesteret presisert.

Nokre av forelesingane vil krevje obligatorisk frammøte. Kva for tema dette gjeld, vil bli presentert ved studiestart og presisert i semesterplanane.

Det er viktig å skrive mykje i eit fagstudium. Tekstane du skriv, i ulike sjangrar, skal du samle i ei arbeidsmappe. Arbeidsmappa skal romme alt du skriv i løpet av modulen: smått, stort, uferdig og meir gjennomarbeidde tekstar. Nokre av desse tekstane vil du få tilbakemelding på av faglærar medan andre blir det forventa at du sjølv, saman med medstudentar, gir tilbakemelding på. Målet med mappearbeid er at du alltid kan arbeide vidare med tekstane over tid. Faglærar skal ikkje rettleie mappearbeida fram til ”ferdig tekst”, men dei må vere av ein slik kvalitet at faglærar kan godkjenne arbeidsmappa som dokumentasjon på arbeidskrav.

I løpet av studiet vil du også få norskfaglege oppgåver knytt til praksis, og du skal delta i arbeid på tvers av fag.

Vurderingsformer

Du vil møte to former for vurdering i norskstudiet: undervegsvurdering og sluttvurdering. Undervegsvurderinga er den fortløpande vurderinga, i form av tilbakemeldingar på munnleg og skriftleg arbeid. Sluttvurdering vil du få etter kvar av modulane.

Sluttvurdering etter modul 1 er ein individuell skriftleg eksamen med vurdering til bestått/ikkje bestått. Denne eksamenen skal skrivast på nynorsk.

Det tas forbehold om mindre justeringer i planen.

Publisert av / forfatter Petter Bjellås <petter.bjellasSPAMFILTER@hit.no> - 16.05.2012