Norsk 2 - Språk og litteratur i eit historisk perspektiv NOR 503

Læringsutbytte

Norskfaget i grunnskolelærarutdanninga handlar om identitet, kultur, danning og tilhøvet vårt til samtid og fortid. Faget skal få studentane til å forstå seg sjølv i ein større, fleirkulturell samanheng. I grunnskoleutdanninga for 5. til 10. trinn rettar norskfaget seg primært mot elevar på mellom- og ungdomstrinnet i alderen mellom 11 og 16 år. Å vere lærar for denne aldersgruppa krev at ein kan leggje til rette for at elevane vidareutviklar seg som lesarar, skrivarar og munnlege språkbrukarar, og at ein kan gi opplæring i dei grunnleggjande ferdigheitene.

Studenten skal etter arbeid med NOR 503 «Språk og litteratur i eit historisk perspektiv» ha fylgjande læringsutbytte:

Kunnskap

Studenten skal kunne

- drøfte korleis elevar på ungdomssteget kan vidareutvikle skriveferdigheitene sine, både elevar med norsk som førstespråk og norsk som andrespråk

- greie ut om talemålsvariasjonen i moderne norsk på historisk og dialektologisk grunnlag

- greie ut om norsk språkhistorie og om gjeldande normering av bokmål og nynorsk

- greie ut om språk som ungdom brukar

- greie ut om sentrale sider ved norsk litteraturhistorie, og drøfte plassen ulike tekstar har i litteraturhistoria

Dugleikar

Studenten skal kunne

- samanlikne tekstar skrivne for ungdom og vaksne med omsyn på innhald, form og funksjon

- bruke kunnskapen om talemål og skriftspråksnormering i skriveopplæringa

- leggje til rette for og gjennomføre undervisning i den målforma som er sidemål for elevane

- setje sentrale norske tekstar og eit utval samiske tekstar (i omsetjing) inn i ein historisk samanheng og sjå dei i lys av nordisk og annan internasjonal litteratur

Generell kompetanse

Studenten skal kunne

- arbeide med språk og tekst i fleirkulturelle klassemiljø, utvikle språk- og kulturforståinga hjå elevane og rettleie elevane i arbeidet deira

- uttrykkje seg ved ein klar og trygg språkbruk, både munnleg og i begge skriftlege målformer

- nytte faglege kunnskapar til kritisk og konstruktiv refleksjon, og vurdere norskfaget og eigen praksis som norsklærar

- reflektere over norskfaget ut frå forsking og i høve til fagets historie, og sjå faget i eit større danningsperspektiv, samt bidra til utvikling av lokale læreplanar i faget

- planleggje, gjennomføre og vurdere norskundervisning på ulike trinn frå 5. til 10. klasse, og bruke ulike vurderingsmåtar i norskfaget

Innhold

Norsk 2 handlar om språk og tekst i fortid og samtid. I modul 3 er det historiske perspektivet sentralt, både når det gjeld språklege og litterære emne. Dei språklege emna er knytte til både notid og fortid, t.d. språkhistorie, ungdomsspråk og sidemålsdidaktikk. Studenten skal også lesa både eldre og nyare skjønnlitteratur, essay og saksprosa, av og til med eit komparativt blikk på nordisk og internasjonal litteratur.

Studiet skal byggje på forsking. Det vil seie at utdanningsprogrammet vil formidle forskingsbasert kunnskap samstundes som studenten skal skrive oppgåver etter vitskapsteoretiske og metodiske prinsipp. Norskfaget er eit tekstfag, og derfor vil studenten også få ei innføring i grunnleggande tolkingsteori (hermeneutikk).

Arbeids- og læringsformer

I grunnskolelærarutdanning for 5–10 er norskfaget 60 studiepoeng. Om ein tar kurset 651 i Porsgrunn, er desse studiepoenga fordelte med 45 studiepoeng i fyrste studieår og 15 studiepoeng i andre studieår. I kurset 657 over nett eller på Notodden er studiepoenga fordelte med 30 studiepoeng i kvart av dei to fyrste studieåra. Norskfaget er delt inn i 4 modular med 15 studiepoeng i kvar av modulane. Innhaldet i dei 4 modulane byggjer på kvarandre.

Modul 3 ”Språk og litteratur i eit historisk perspektiv” er på 15 studiepoeng. Denne modulen er i kurset 651 lagt til siste del av vårsemesteret fyrste studieår. I 657 går denne modulen i haustsemesteret i andre studieår.

Arbeidet i studiet vil bli organisert på mange måtar: fellesforelesingar, seminartimar, rettleiing i grupper, skrivegrupper, kortare kurs, bruk av Fronter og individuell rettleiing, m.a. i form av læringssamtalar. Læringssamtalen (m.a. mellom faglærar, øvingslærar og student) skal vere ein hjelp til å bli bevisst kva du har lært, og kva du må lære for å bli ein god norsklærar. Det dreier seg om å reflektere over eigen progresjon i forhold til dei fastsette måla for faget.

Semesterplanen, som du får utdelt i byrjinga av kvart semester, er eit bindande dokument. Her blir innhaldet og den praktiske gjennomføringa av semesteret presisert.

Nokre av forelesingane vil krevje obligatorisk frammøte. Kva for tema dette gjeld, vil bli presentert ved studiestart og presisert i semesterplanane.

Det er viktig å skrive mykje i eit fagstudium. Tekstane du skriv, i ulike sjangrar, skal du samle i ei arbeidsmappe. Arbeidsmappa skal romme alt du skriv i løpet av modulen: smått, stort, uferdig og meir gjennomtenkte tekstar. Nokre av desse tekstane vil du få tilbakemelding på av faglærar medan andre blir det forventa at du sjølv, saman med medstudentar, gir tilbakemelding på. Målet med mappearbeid er at du alltid kan arbeide vidare med tekstane over tid. Faglærar skal ikkje rettleie mappearbeida fram til ”ferdig tekst”, men dei må vere av ein slik kvalitet at faglærar kan godkjenne arbeidsmappa som dokumentasjon på arbeidskrav.

I løpet av studiet vil du også få norskfaglege oppgåver knytt til praksis, og du skal delta i arbeid på tvers av fag.

Vurderingsformer

Du vil møte to former for vurdering i norskstudiet: undervegsvurdering og sluttvurdering. Undervegsvurderinga er den fortløpande vurderinga du vil få, i form av tilbakemeldingar på munnleg og skriftleg arbeid. Sluttvurdering vil du få etter kvar av modulane.

Sluttvurdering etter modul 3 er både ei presentasjonsmappe og ein individuell skriftleg eksamen. Presentasjonsmappa blir vurdert til bestått/ikkje bestått. Ho skal ha om lag like mange tekstar på nynorsk og bokmål. Krava til mappeinnhald blir spesifisert i semesterplanen. Den skriftlege eksamenen blir vurdert med gradert karakter. Denne eksamenen skal skrivast på bokmål.

Det tas forbehold om mindre justeringer i planen.

Publisert av / forfatter Petter Bjellås <petter.bjellasSPAMFILTER@hit.no>, sist oppdatert av Nina Holmberg Lurås - 19.11.2012