400 Idéhistorie, årsstudium
Innledning
Idéhistorie omhandlar tankemessige straumar som gjennom historia har hatt stor innverknad på korleis mennesket handlar, tenkjer og uttrykker seg. I årsstudiet ved HiT studerer vi særleg tekster frå filosofiske, politiske, religiøse og estetiske kontekster. Studiet av andre typer menneskelege uttrykk enn tekster (slik som bilete) inngår også i studiet.
Målgruppe og opptakskrav
Målgruppe:
Studiet er retta mot studenter som ønskjer å tileigne seg breie kunnskapar om den historiske idéutviklinga innan ulike kulturelle hovudområde og dermed oppnå ei betre forståing av samtidas idémessige føresetnader.
Studiet eignar seg for dei som søkjer idéhistorisk kompetanse med sikte på undervisning i skuleverket eller andre former for formidlingsarbeid.
Opptakskrav:
Generell studiekompetanse. Sidan mykje av pensummaterialet er på engelsk, er der naudsynt med gode lesekunnskapar i dette språket.
Mål for studieprogrammet
Mål for studiet:
Studentane skal oppnå innsikt i korleis sentrale idéstraumar har utvikla seg innan kulturelle hovudområde. Dei skal opparbeide kompetanse i å fortolke partikulære tekster og andre menneskelege uttrykk (for eksempel bilete) i lys av andre partikulære uttrykk, og i lys av overgripande idémessige kontekster. Dette blir gjort ved å studere materiale frå m.a. filosofiske, politiske, religiøse og estetiske kontekster. Dessutan er det eit hovudmål at studentane ved å tileigne seg kunnskap om idébærande tekster og uttrykk frå ulike historiske kontekster skal få ein betre forståing av sentrale idéar i samtida.
Studiet kvalifiserer for:
Idéhistorisk innsikt vil gi ei betre forståing av mange tankestraumar ein møter i andre humanistiske fag. Derfor vil eit idéhistoriestudium være tjenleg for dei fleste studentar innan det humanistiske fagområdet. Ved Institutt for kultur- og humanistiske fag vil idéhistorie årsstudium kunne gå inn i ulike fagkombinasjonar innanfor rammene av instituttets BA i humanistiske fag: Ein kan kombinere årsstudiet i idéhistorie med litteratur- og språkstudium så vel som med studier i historie. Samtidig er studiet relevant for studentar som etter endt BA-grad ønskjer å gå vidare på instituttets masterstudium i kulturstudiar. Med atterhald om spesielle krav ved andre studiestader, vil idéhistorie årsstudium gi grunnlag for vidare studium i idéhistorie ved andre høgskuler og universitet.
Årsstudiet i idéhistorie gir godt grunnlag for å undervise i programfaget «Historie og filosofi» i vidaregåande skule. Det vil òg kunne nyttast i andre undervisningssamanhenger. Idéhistorisk breiddekunnskap vil dessutan være tjenleg innanfor sentrale arbeidsområde i kulturlivet, slik som journalistikk, mediearbeid og forlagsverksemd.
Læringsutbytte
Årsstudiet i idéhistorie gir følgjande læringsutbytte, definert i form av kunnskap, ferdigheiter og generell kompetanse:
Kunnskap:
- Kunnskap om sentrale idéstraumar frå antikken til vår eigen tid
- Kunnskap om historisk periodisering og kva for idémessige særtrekk som karakteriserer dei enkelte epokane
- Kjennskap til sentrale, idébærande tekster og andre menneskelege uttrykk frå ulike kontekster og epokar
- Kjennskap til sentrale personar med stor idéhistorisk betydning
Ferdigheiter:
- Kunne analysere, fortolke og diskutere ulike typer idébærande materiale frå ulike historiske kontekster
- Kunne identifisere historiske føresetnader for gitte idémessige straumar i vår eigen tid
- Kunne identifisere ulike idémessige posisjonar og konstellasjonar i et gitt materiale
- Kunne bruke informasjons- og søkjeverktøy på ein formålstenleg måte
Kompetanse:
- Evne til å formidle fagleg innhald munnleg og skriftleg på ein strukturert måte
- Evne til å kunne arbeide sjølvstendig med gitte problemstillingar
- Evne til å setje seg inn i perspektiv frå ulike kulturelle kontekster
Studieprogrammets innhold, oppbygging og sammensetning
Idéhistorie årsstudium
|
Alle seks emna går inn som obligatoriske deler i idéhistorie årsstudium. To av emna (3311 og 3312) går også inn i instituttets BA-studium i kultur – arrangering, formidling og forvaltning. 3328 og 3356 går høvesvis i første og andre halvdel av haustsemesteret, mens 3362 og 3358 går høvesvis i første og andre halvdel av vårsemesteret. 3311 og 3312 går begge over eit heilt semester. Mer informasjon om studiets innhald finner du i omtalen av dei enkelte emna.
Alle emne er sjølvstendige studieeiningar med avsluttande eksamen. Dette tyder at studentar som ikkje er tekne opp på idéhistorie årsstudium etter interesse og behov kan studere enkeltemne fra idéhistoriestudiet og innpasse desse i studieløpet etter gjeldande føreskrifter.
Internasjonalisering
Høgskolen i Telemark har nært samarbeid og utvekslingsavtaler med utenlandske universitet og høgskular, særleg i Nord-Amerika og Europa.
Aktuelle institusjonar i Nord-Amerika er: University of Alberta – Augustana Faculty (Canada), Luther College (Iowa, USA), Augustana College (South Dakota, USA), Franklin College (Indiana, USA), Pacific Lutheran University (Washington, USA).
Studieopphald ved institusjonar i Norden og andre land i Europa blir arrangert i regi av NORPLUS (Norden) og ERASMUS (Europa). Aktuelle institusjonar er: Aarhus Universitet (Danmark), Syddansk Universitet (Danmark), Södertörns Högskola (Sverige), University of Gdansk (Polen), Universidad de Alicante (Spania), Universidad de Girona (Spania).
Fleire av disse institusjonane tilbyr emne av idéhistorisk karakter, emne som bachelor-studentar i humanistiske fag vil kunne innpasse i BA-graden. Studentar kan, i samråd med studieveiledar og faglærar, ta eitt semester eller eit heilt studieår ved samarbeids-institusjonar i utlandet og få innpassa utlandsstudia i bachelorstudiet i humanistiske fag ved HiT. Kva for institusjonar som til ei kvar tid tilbyr idéhistoriske emne, vil studieveiledarar, faglærarar eller medarbeidarar som jobber med internasjonalisering ved HiT kunne gi informasjon om.
Arbeids- og læringsformer
Studium av gitte tekster og andre typer menneskelege uttrykk frå ulike epokar. Desse tekstene/uttrykka blir kommentert og kontekstualisert på førelesing, samtidig som studentane arbeider med stoffet på eige hand og i grupper. Studium av oversikts- og kommentarlitteratur som setter dei ulike typene av historiske uttrykk (tekster, bilete m.m.) i perspektiv. Oppgåveskriving med innlevering kan være aktuelt i nokre emne. Det vil normalt være inntil fire timars undervisning pr. veke i emne som går over heile semesteret, mens det i emne som går over eit halvt semester normalt vis bli gitt seks timers undervisning pr. veke. Multimediemateriale blir nytta etter behov i einskilde emne.
Forholdet mellom teori/praksis
Studier er av teoretisk karakter. Samtidig blir det vektlagt at teori skal anvendes på og vurderes i lys av praksis, enten det dreier seg om erfaringer i hverdagslivet eller forskning og annen vitenskapelig virksomhet
Vurderingsformer
Gjennom studiet blir studentane prøvd gjennom skuleeksamen og skriftlege innleveringar. Vurderingsformene skal kartleggje omfanget av kunnskap, forståing og ferdigheiter som studenten har tileigna seg gjennom studiet (jf. læringsutbytte). Graderte karakterar frå A til F, der E er dårlegste ståkarakter. Sjå for øvrig omtale for kvart enkelt emne som inngår i årsstudiet.
Det tas forbehold om mindre justeringer i planen.
Publisert av / forfatter Eline Flesjø <eline.flesjoSPAMFILTER@hit.no>,Otto M. Christensen <otto.christensenSPAMFILTER@hit.no> - 26.03.2012