8100 Norsk påbygging
Innledning
Eit påbyggingsemne i norsk vil gje djupare forståing og innsikt i språklege og litterære emne innan norsk og nordisk språk og litteratur. Det kan også ha tverrfaglege koplingar til kultur, historie eller andre språk (nordiske eller engelsk). Dette vil kome til nytte innan alle yrke der ein brukar språket aktivt, anten det er i skole, kulturliv eller andre yrkessamanhangar.
Målgruppe og opptakskrav
Målgruppe er dei som ynskjer å gå djupare inn i enkeltemne i høve til årsstudiet.
Opptakskrav er fullført årsstudium eller tilsvarande utdanning.
Mål for studieprogrammet
Studiet skal
• gje studentane utvida kunnskap om norsk/nordisk språk, litteratur og/eller kultur
• vidareutvikle evna til å uttrykke seg på godt norsk, både nynorsk og bokmål
• skjerpe evna til å vurdere andre sine uttrykksformer
• gje tryggleik i å formidle vidare den kunnskapen dei tileignar seg
Påbygging i norsk kan kombinerast med andre studium og emne i ein bachelorgrad i humanistiske fag. Saman med årsstudiet i norsk kan det utgjere fordjupinga i ein bachelorgrad i humanistiske fag.
Studiet kan og kombinerast med studium ved andre høgskular eller universitet.
Norsk er eit grunnleggjande skolefag, og til saman vil eit norsk årsstudium og eit påbyggingsemne kunne nyttast i ei lærarutdanning sett saman av fagstudium og PPU (praktisk pedagogisk utdanning).
Læringsutbytte
Kunnskap: Sjå dei einskilde emna for nærare omtale.
Dugleik: Kunne uttrykkje seg med større tryggleik om dei språklege og litterære emne som blir gjennomgått
Kompetanse: Evne til å analysere tekstar språkleg og/eller litterært, og kunne vidareformidle dette
Studieprogrammets innhold, oppbygging og sammensetning
|
Studiet er sett saman av 3 emne, à 10 studiepoeng. Det vert undervist i eit påbyggingsemne kvar haust, og to kvar vår. Kva emne det vert undervist i, vil variere frå år til år.
Studentar som ynskjer ei påbygging i norsk på 30 studiepoeng, kan ta 10 sp i haustsemesteret, og 20 sp i vårsemesteret.
Alle emna er sjølvstendige studieeiningar med avsluttande eksamen.
Internasjonalisering
Ikkje aktuelt
Arbeids- og læringsformer
Undervisninga vert organisert som forelesingar og seminar, og vil variere noko frå emne til emne. Ein ventar aktiv deltaking frå studentane i undervisninga, i form av diskusjonar og/eller presentasjonar. Det vil normalt vere to timar undervisning i kvart emne i 15 veker.
Vurderingsformer
Sjå omtalene for kvart enkelt emne. Ved alle eksamenar vert det gjeve karakterar på ein skala frå A til F, der E er lågaste ståkarakter.
Det tas forbehold om mindre justeringer i planen.
Publisert av / forfatter Eline Flesjø <Eline.FlesjoSPAMFILTER@hit.no> - 31.05.2012