9601 Spansk I (Costa Rica)
Innledning
Høgskolen i Telemark samarbeider med StudyAmericas om spanskundervisning på Costa Rica.
Høgskolen i Telemark er fagleg ansvarleg for utdanninga, og StudyAmericas er ansvarleg for den praktiske tilrettelegginga på studiestadene.
Studia gjev rett til lån og stipend i Lånekassa på vanleg måte.
Studentar som ønskjer å fortsette ved andre studiestader i Noreg etter fullført studium, kan søkje om innpassing ved den aktuelle studiestaden. Ein må da leggje ved karakterutskrift, emneomtaler og pensumlister. Høgskolen i Telemark sender ut karakterutskrifter avslutta studium. Emneomtaler og pensumlister må studentane ta ut frå høgskolens nettsider.
Målgruppe og opptakskrav
Studiet passar for alle som ønskjer å lære spansk i eit land der ein snakkar språket, og kombinere dette med store reiseopplevingar.
Opptakskrav er generell studiekompetanse.
Mål for studieprogrammet
Studiet skal gje grunnleggjande kunnskapar om språk, kultur, historie og samfunnstilhøve i spansktalande land.
Læringsutbytte
Ved fullført emne skal studentene:
- ha auka kunnskapar om språk grammatikk og fonetikk, praktisk spansk, litteratur og kultur i det spansktalande språkområdet
- vere i stand til å lese, skrive og forstå enkle type tekstar i ulike genre
- kunne gje ei enkel munnleg og skriftleg samanhengande framstilling av hendingar, røynsle og planar.
- kjenne til ulike kulturuttrykk i den spansktalande verden
Studieprogrammets innhold, oppbygging og sammensetning
Spansk I i Costa Rica 9601
|
Vi har to spansk kurs på Costa Rica:
Spansk I passar for søkjarar utan forkunnskapar, og Spansk II for søkjarar med gjennomført innføringsemne i spansk frå universitet eller høgskule, eller spanskkunnskapar tilsvarande B/C-språk frå vidaregåande skule. Undervisninga skjer ved eit studiesenter med lang erfaring i å undervise i spansk som framandspråk. Senteret blir også nytta av studentar frå mange andre universitet i Europa og Nord-Amerika.
Internasjonalisering
Undervisninga går føre seg på Costa Rica. Studentane bur hos vertsfamiliar med lang røynsle og drar på ekskursjonar i området.
Arbeids- og læringsformer
Undervisninga er organisert i grupper på maksimum seks studentar. All undervisning går føre seg på spansk, og det er undervisning fire timer kvar dag måndag til torsdag. Det er obligatorisk oppmøte, og du må vere tilstades minimum 80% av undervisningstia for å kunne gå opp til eksamen.
Vurderingsformer
Sjå dei aktuelle emna.
Det tas forbehold om mindre justeringer i planen.
Publisert av / forfatter Eline Flesjø <Eline.FlesjoSPAMFILTER@hit.no>, sist oppdatert av Kristin Midtbø - 12.02.2013