903 Norsk årsstudium, samlings- og nettbasert
Innledning
Norskstudiet gir eit oversyn over sentrale litterære og språklege emne med fordjuping i utvalde verk og emne.
Målgruppe og opptakskrav
Opptakskrav er generell studiekompetanse.
Studiet passar for alle med interesse for norsk språk og litteratur. Årsstudiet gir undervisningskompetanse i grunn- og vidaregåande skole, og kompetanse i å arbeide med språklege og litterære emne innan ulike yrke.
Mål for studieprogrammet
Studiet skal gi ei grunnleggande innføring i norsk og nordisk språk og litteratur frå mellomalderen til i dag i eit breitt kulturelt perspektiv. Det skal gi auka innsikt i korleis språk, litteratur og samfunn påverkar kvarandre gjensidig.
Dei fire emna som utgjer årsstudiet i norsk, sikrar breidde og innsikt i faget, gir kompetanse til å arbeide med språklege og litterære emne innan ulike yrke og kvalifiserer for undervisning i norsk i ulike skoleslag.
Læringsutbytte
Studiet skal
- gi ei djupare forståing av korleis norsk språk er bygd opp og korleis litteraturen har utvikla seg
- gi kunnskap og trening i å bruke passande metodar for litterær og språkleg analyse
- gi innsikt i språklege og litterære verkemiddel i ulike teksttypar
- føre til meistring av begge målformer i norsk
Studieprogrammets innhold, oppbygging og sammensetning
Norsk årsstudium
|
Det samlings- og nettbaserte norskstudiet går over to år, og er sett saman av 4 frittståande emne, 2 språklege og 2 litterære. Kvart emne tel 15 studiepoeng. Det blir undervist i språklege emne eitt år, og i litterære emne det andre året. Dei to språklege emna er uavhengige av kvarandre, medan det er ein fordel å starte på det litterære om hausten, for å få grunnleggjande litteraturteori og den historiske utviklinga fyrst.
Internasjonalisering
Studiet har eit nordisk perspektiv ved at svensk og dansk litteratur er med i pensumet. Litteraturen har til alle tider hatt ein internasjonal dimensjon som vi legg vekt på å få fram. I språkstudiet får studentane innblikk i korleis nordiske språk er i slekt med kvarandre.
Arbeids- og læringsformer
Læringsplattforma fronter er basis for undervisninga, der blir det lagt ut obligatoriske oppgåver, forelesingar og anna undervisningsstoff, der er gruppesamtaler med lærar kvar veke, der er det forum for studentsamtaler og informasjonsutveksling. I tillegg er det to helgesamlingar à to dagar på lærestaden kvart semester. Individuell oppfølging skjer også via epost og Skype.
Vurderingsformer
Vurderingsformene er ei eller fleire individuelle heimeoppgåver, som tel 40%, og skriftleg individuell prøve (sluttprøve), som tel 60%. Det er lik fordeling mellom nynorsk- og bokmålseksamenar. Sjå elles dei enkelte emna.
Det tas forbehold om mindre justeringer i planen.
Publisert av / forfatter Sigrid Aksnes Stykket <sigrid.a.stykketSPAMFILTER@hit.no>, sist oppdatert av Eline Flesjø - 26.03.2012