Grammatikk og pragmatikk 2111

Læringsutbytte

Etter å ha studert emnet skal studentane kunne

  • gjere greie for viktige trekk ved moderne norsk grammatikk, spesielt morfologi og syntaks
  • gjere greie for viktige tema innanfor pragmatikk og tekstlingvistikk
  • bruke kunnskapane til å analysere språkleg materiale, t.d. i grammatisk og tekstleg analyse
  • sjå norsk språkstruktur frå eit andrespråksperspektiv og analysere mellomspråkstekstar
  • drøfte ulike synsmåtar og analysemåtar i tilknyting til temaa i emnet
  • trekkje linjer mellom dei ulike temaa i emnet
  • skrive bokmål og nynorsk korrekt og godt

Innhold

Studiet skal gje kunnskap om norsk språkstruktur, lydlære, formlære og setningslære, og språket brukt som kommunikasjonsmiddel (pragmatikk/ språkbruksanalyse). Ein vil presentere ulike teoretiske innfallsvinklar og metodar i arbeidet med grammatisk analyse. Studenten skal og kunne vurdere tekstar av andrespråksbrukarar og vere medveten om ulike trekk frå mellomspråk.

Arbeids- og læringsformer

Vårsemesteret, 7 veketimar i 15 veker. Forelesing, seminar og oppgåveløysing.

Emnet går inn i bachelorgraden i språk og litteratur med fordjuping i norsk, og i årsstudiet i norsk. Emnet er obligatorisk for studentar som vil ha undervisningskompetanse i norsk i grunn- og vidaregåande skole.

Vurderingsformer

2 timars individuell oppgåve i elementær språkkunnskap, som skal vere stått før kandidaten kan ta sluttprøva.
Individuell heimeoppgåve på ca. 4000 ord i pragmatikk og tekstanalyse, som tel 40 %.
5 timars sluttprøve, som tel 60 %.
Det krevst ståkarakter på både heimeoppgåva og sluttprøva. Begge skal skrivast på nynorsk.

Det tas forbehold om mindre justeringer i planen.

Publisert av / forfatter Evy Beate Tveter <evy.b.tveterSPAMFILTER@hit.no>, sist oppdatert av Eline Flesjø - 08.01.2014