HIS-1 Spesialisering Noreg etter 1800 3534

Læringsutbytte

Kunnskap og forståelse:

  • Inngåande kunnskap om enkelttrekk relevant for temaet: t.d. personar, samfunnsgrupper, institusjonar, økonomiske, kulturelle og ideologiske tilhøve, og hendingar knytt til desse.
  • Kunnskapar om samanhengar og utviklingstrekk i tidsromet tema dekkjer.
  • Kunnskap om metodar brukt i analyser av tema.
  • Lære korleis historisk kunnskap er bygt opp.

Ferdigheter:

  • Evne til å kritisere, kommentere eller redigere tekstar og dokument i tråd med historiefagets allmenne reglar for kritikk.
  • Evne til å kommunisere munnleg om faget ved hjelp av aksepterte terminologiar og teknikkar i faget.
  • Evne til kritisk å analysere historiske data, kjelder og litteratur, og til å dra sjølvstendige konklusjonar frå slikt materiale.
  • Evne til å organisere kompleks historisk informasjon på logisk konsekvent måte.
  • Ha kjennskap til informasjons- og søkeverktøy.

Kompetanse:

  • Formidle fagleg innhald både munnleg og skriftleg.
  • Kunne arbeide sjølvstendig med ei oppgjeven problemstilling.
  • Ha evne til å analysere emne frå fleire sider.
  • Ha medvit om og respekt for perspektiv som har ulike nasjonale, kulturelle og historiske opphav.
  • Ha kritisk medvit om relasjonane mellom fortida og samtidige hendingar og prosessar.

Læringsmål:

  • Å gje inngåande kjennskap til eit avgrensa tema i verdshistoriet i tida etter 1750
  • Gje kjennskap til kjeldegrunnlag og relevant forskingslitteratur for tema.
  • Øve opp evna til å vurdere stoffet i emnet kritisk og sjølvstendig.
  • Gje kjennskap til tolking av kjelder ved å leggje opp eit utval kjelder relevant for tema.
  • Øve opp evna til eigen skriftleg og munnleg framstilling av historisk stoff.
  • Trene opp argumentasjon og analytisk tenking.
  • Gje kunnskaper i historisk metode, teori og historiografi og øve opp evna til metodisk og teoretisk refleksjon.

Innhold

Emnet er forskingsbasert i og med at undervisningspersonalet normalt er sett saman av aktive forskarar. Kjeldemateriale frå forskinga til faglærarane vil kunne bli brukt som døme i forelesingar eller i øvingsoppgåver.

Emnet kan veksle mellom ulike enkelttema, til dømes:

  • En norsk revolusjon i 1814?
  • Kjønn, kropp og arbeid
  • Det moderne gjennombrotet’ – kulturbrytningar i Noreg på slutten av 1800-talet
  • Innvandring, innvandringspolitikk og holdningar til ’dei framande’ etter 1860
  • Rettsoppgjeret etter 1945

Emnet er ein del av årsstudiet i historie, samlings- og nettbasert (se eigen plan for dette). Det er meininga at ein tek det saman med oversynsemnet 3505.

Arbeids- og læringsformer

Undervisninga blir i hovudsak gjeven i form av seminar, men ein kan også nytte forelesingar og lydfiler lagt ut på nettet.

Seminarundervisinga er obligatorisk. Privatistar kan få avtale om å sleppe obligatorisk oppmøte mot å levere inn fleire oppgåver.

Vurderingsformer

Vurderinga består av

  • ei undervegsprøve/innleveringsoppgåve som vert vurdert til Bestått eller Ikkje bestått
  • ei skriftleg sluttprøve på 3 timar

Undervegsprøva må vere bestått for at studenten får gå opp til sluttprøva. Studentar som ikkje består undervegsprøva på fyrste forsøk får éin sjanse til.

Karakterskalaen: bokstavskala på fem trinn frå A til E for bestått og F for ikkje bestått

Det tas forbehold om mindre justeringer i planen.

Publisert av / forfatter Jens Johan Hyvik <jens.j.hyvikSPAMFILTER@hit.no>, sist oppdatert av Eline Flesjø - 30.10.2013