HIS-1 Spesialisering Noreg før 1800 3533

Læringsutbytte

Emnet skal gje dette læringsutbyttet:

Kunnskap og forståing:

  • Godt oversyn over hovudtrekka i noregshistoria før ca. 1800.
  • Brei kunnskap om viktige historiske hendinger i perioden, og bakgrunnen for dei.
  • Forståing av metoder som vert nytta innanfor ulike felt av historiefaget.
  • Forståing av korleis historisk kunnskap vert oppbygd.

Dugleik ein skal oppnå:

  • Å kunne kritisere, kommentere eller redigere tekstar og dokument etter historiefagets allmenne reglar for kritikk.
  • Å kunne analysere historiske data, kjelder og litteratur, og å kunne trekkje selvstendige konklusjonar frå slikt materiale.
  • Å kunne organisere kompleks historisk informasjon på logisk konsekvent vis.
  • Å meistra verktøy for informasjon og søking.

Kompetanse:

  • Formidle fagleg innhald både munleg og skriftleg.
  • Kunne arbeide sjølvstendig med ein gjeven problemstilling.
  • Kunne sette seg inn i nye problemområde og analysere emne frå fleire sider.
  • Ha medvit om og respekt for perspektiv som har ulike nasjonale og kulturelle opphav.
  • Ha kritisk medvit om relasjonane mellom fortida og samtidige hendingar og prosessar

Innhold

Emnet er forskingsbasert i og med at undervisningspersonalet normalt er sett saman av aktive forskarar. Kjeldemateriale frå forskinga til faglærarane vil kunne bli brukt som døme i forelesingar eller i øvingsoppgåver.

Emnet kan veksle mellom ulike enkelttema, til dømes:

  • Heidendom og kristendom ca. 800-1100
  • Kong Sverre - mannen og kongedømet
  • Trolldomsprosessar med vekt på tida 1550–1700

Arbeids- og læringsformer

Undervisninga blir i hovudsak gjeven i form av seminar, men ein kan også nytte forelesinger og lydfiler lagt ut på nettet. Seminarundervisinga er obligatorisk. Privatistar kan få avtale om å sleppe obligatorisk oppmøte mot å levere inn fleire oppgåver.

Vurderingsformer

Vurderinga består av

  • ei undervegsprøve/innleveringsoppgåve som vert vurdert til Bestått eller Ikkje bestått
  • ei skriftleg sluttprøve på 3 timar

Undervegsprøva må vere bestått for at studenten får gå opp til sluttprøva. Studentar som ikkje består undervegsprøva på fyrste forsøk får éin sjanse til.

Karakterskalaen: bokstavskala på fem trinn frå A til E for bestått og F for ikkje bestått

Det tas forbehold om mindre justeringer i planen.

Publisert av / forfatter Kai Østberg <ostbergSPAMFILTER@hit.no>, sist oppdatert av Eline Flesjø - 30.10.2013