HIS-2 Norden 1500-1800: Politisk kultur og sosial kontroll 3509

Læringsutbytte

Emnet skal gje dette læringsutbyttet:

Kunnskap og forståing:

• Kunnskap om dei ulike nordiske statssystema i tidleg nytid og forskjellane mellom dei.

• Kunnskap om politisk kultur og sosial kontroll i dei nordiske landa i tidleg nytid og utviklinga av desse.

• Forståing for korleis dei ulike nordiske landa sine statssystem blir spegla i dei respektive landa sin politiske kultur og sosiale kontroll.

• Forståing av metodar som nyttast innanfor historiefaget og tilhøvet mellom kjeldegrunnlag og historiske framstillinger og hypotesar. Kjennskap til komparativ metode.

• Forståing for historisk forskningsdebatt.

Dugleik:

• Evne til å kritisere, kommentere eller redigere tekstar og dokument i samsvar med historiefaget sine allmenne reglar for kritikk.

• Evne til å kommunisere munnleg om faget ved hjelp av aksepterte terminologiar og teknikkar i faget.

• Evne til å formulere historiefagleg fruktbare problemstillinger.

• Evne til kritisk å analysere historiske data, kjelder og litteratur, og til å dra sjølvstendige konklusjonar frå slikt materiale.

• Evne til å organisere kompleks historisk informasjon på logisk konsekvent måte.

• Ha kjennskap til og kunne nytte informasjons- og søkjeverktøy som bibliografisk materiale, arkivmateriale, elektroniske referansar.

Kompetanse:

• Formidle avansert fagleg innhald både munnleg og skriftleg.

• Kunne arbeide sjølvstendig med ei gjeven eller eigenformulert problemstilling.

• Ha evne til å setje seg inn i nye problemområde og analysere emne frå fleire sider.

• Kunne utveksle synspunkt på historiske emne og grunngje faglege standpunkt.

• Ha kritisk medvit om relasjonane mellom fortida og samtidige hendingar og prosessar.

Innhold

Tyngdepunkt i emnet er:

  • • Statssystema i dei ulike nordiske landa i tidleg nytid og samanlikning mellom desse.
  • • Den politiske kulturen som omfattar deltaking, ytringsformer, avgjerdsprosessar og avgjerdsprinsipp. Særleg vil det bli fokusert på bondestanden sin anledning til å påverke og bli høyrt gjennom ulike administrative og politiske kanalar. Endringar og samanlikning mellom dei nordiske landa vil bli særleg lagt vekt på.
  • • Retts- og domstolsystemet i dei ulike nordiske landa i tidleg nytid og samanlikning mellom desse.
  • • Den offisielle kontrollen og den uoffisielle disiplineringa av folket, og korleis konfliktar, normer og lovbrot blei handsama, fyrst og fremst slik det kjem til uttrykk i domstolane og rettsmaterialet. Endringar og samanlikning mellom dei nordiske landa vil bli særleg lagt vekt på.
  • • Einskildmennesket som historisk aktør i relasjon til styresmaktene og til kvarandre.

Emnet er forskningsbasert i og med at det til vanleg er aktive forskarar som underviser og som trekkjer inn eigne erfaringar der det er relevant. Under ekskursjonen knyttet til emnet (sjå under) vil studentene også kome i direkte kontakt med aktive forskarar.

Emnet er ein del av påbyggingsstudiet i nordisk historie (sjå eigen plan for dette). Det er berekna å takast saman med eit oversynsemne (3508) og eit anna fordjupingsemne, kvart på 10 studiepoeng. Emnet 3508 gjev bakgrunnskunnskapar og metodisk basis for fordjupingsemnet 3509, og bør difor alltid takast saman med eller før dette. Det kan variere frå år til år om 3509 blir tilbode og om det blir tilbode i vår- eller haustsemesteret.

Arbeids- og læringsformer

Undervisinga blir gjeve som seminar eller forelesingar, og vil vere delvis samlingsbasert. E-verkty vil verte nytta.Undervisning som blir gjeve i form av seminar krev aktiv deltaking frå studentane. For at ein skal nå læringsutbyttet, er det naudsynt at studentane har førebudd seg grundig til undervisninga.

I tillegg til undervisninga på høgskolen tilbyr vi dei som tek kurs i nordisk historie i løpet av studieåret ein ekskursjon på 4-7 dager til eit anna nordisk land enn Norge. Ekskursjonen vert som regel arrangert i oktober. Ekskursjonen er til vanleg sterkt subsidiert, men studentane vil måtte dekkje en del av sine eigne utgifter.

Dersom delar av undervisinga er obligatorisk, eller det vert fastsett obligatoriske arbeidskrav, vil dette gå fram av planen for det enkelte semesteret.

Vurderingsformer

Vurderinga består av ein heimeeksamen (to veker pluss munnleg prøve) mot slutten av semesteret.

Eksamensforma er vald for at studentane skal få prøvd både sine kunnskapar om og forståing av den historiske utviklinga, si evne til analytisk og kritisk tenking, og si evne til munnleg og skriftleg formidling, jf. punkta om læringsutbytte over.

Til heimeeksamen kan annan relevant litteratur (f.eks. ein artikkel) og/eller kjeldestoff trekkjast inn, i tillegg til pensum. Slike tillegg får studentene i så fall utlevert i kopi. Den munnlege prøven supplerer den skriftlege. Berre studentar som har stått på den skriftlige prøven vert kalla inn til munnleg prøve.

Det blir gjeve karakter etter ein femtrinns bokstavskala fra A til E for stått og F for ikkje stått.

Det tas atterhald om mindre justeringer i planen.

Det tas forbehold om mindre justeringer i planen.

Publisert av / forfatter Eline Flesjø <eline.flesjoSPAMFILTER@hit.no>,Herleik Baklid <herleik.baklidSPAMFILTER@hit.no> - 11.02.2013