HIS-2 Norden etter 1800: Fellesskap og fragmentering 3514N
Læringsutbytte
Emnet skal gje dette læringsutbyttet:
Kunnskap og forståing:
- Kunnskap om etableringa av det moderne nordiske statssystem og forståing for politiske og kulturelle prosessar som har virka for og mot nordisk samarbeid.
- Forståing av kva som særpregar nordisk politisk kultur og av korleis og kvifor særdraga har utvikla seg.
- Forståing av nasjonalisme og nasjonale identitetar i Norden
Dugleik:
- Evne til å kritisere, kommentere eller redigere tekstar og dokument ut frå historiefagets allmenne reglar for kritikk
- Evne til å kommunisere munnleg om faget ved hjelp av dei aksepterte terminologiane og teknikkane i det.
- Evne til å formulere historiefagleg fruktbare problemstillingar.
- Evne til kritisk å analysere historiske data, kjelder og litteratur, og til å trekkje sjølvstendige konklusjonar frå slikt materiale.
- Evne til å organisere kompleks historisk informasjon på logisk konsekvent måte.
- Ha kjennskap til og kunne nytte informasjons- og søkjeverkty som bibliografisk materiale, arkivmateriale, elektroniske referansar.
Kompetanse:
- Formidle avansert fagleg innhald både munnleg og skriftleg.
- Kunne arbeide sjølvstendig med en gjeven eller eigenformulert problemstilling.
- Ha evne til å setje seg inn i nye problemområde og analysere emne frå fleire sider.
- Kunne utveksle synspunkt på historiske emne og grunngje faglege standpunkt.
- Ha kritisk medvit om relasjonane mellom fortida og samtidige hendingar og prosessar.
Innhold
Tyngdepunkt i emnet er
- Monarkia si krise og fornying.
- Forvandlinga av den politiske debatten.
- Politisk deltaking – endringar i form og omfang.
- Kvinneleg og mannleg som politiske dimensjonar .
- Demokratiseringa av de nordiske landa.
- Utviklinga av nasjonale identitetar og nasjonalisme i Norden.
- Koloniale og post-koloniale strukturar i dei nordiske landa?
- Den politiske skandinavismen.
- Kulturskandinavisme og praktisk samarbeid.
- Nordisk samarbeid. Den politiske og ideologiske bakgrunnen for «nordismen» og nordisk politisk og kulturelt samarbeid.
-
Ein nordisk modell?
Emnet er forskingsbasert i og med at det til vanleg er aktive forskarar som underviser og som trekkjer inn eigne erfaringar der det er relevant.
Arbeids- og læringsformer
Undervisinga blir gjeve som seminar eller forelesingar, og vil vere delvis samlingsbasert. E-verkty vil verte nytta. Mesteparten av den undervisinga som gjes vil det verte gjort opptak av, slik at dei som ikkje kan følgje ho i sanntid, kan gjennomgå opptaka i ettertid. Undervising som blir gjeve i form av seminar krev aktiv deltaking frå studentane. For at ein skal nå læringsutbyttet, er det naudsynt at studentane har førebudd seg grundig til undervisinga.
I tillegg til undervisinga på høgskolen tilbyr vi dei som tek kurs i nordisk historie i løpet av studieåret ein ekskursjon på 4-7 dager til eit anna nordisk land enn Norge. Ekskursjonen vert som regel arrangert i oktober. Den er til vanleg noko subsidiert.
Dersom delar av undervisinga er obligatorisk, eller det vert fastsett obligatoriske arbeidskrav, vil dette gå fram av planen for det enkelte semesteret.
Vurderingsformer
Vurderinga består av ein seks timars skriftleg skoleeksamen mot slutten av semesteret.
Eksamensforma er vald for at studentane skal få prøvd både sine kunnskapar om og forståing av den historiske utviklinga, si evne til analytisk og kritisk tenking, og si evne til munnleg og skriftleg formidling, jf. punkta om læringsutbytte over.
Det blir gjeve karakter etter ein femtrinns bokstavskala frå A til E for stått og F for ikkje stått.
Det tas atterhald om mindre justeringer i planen.
Det tas forbehold om mindre justeringer i planen.
Publisert av / forfatter Kai Østberg <ostbergSPAMFILTER@hit.no>, sist oppdatert av Jens Johan Hyvik - 04.12.2012