Innføring i spansk 2300

Innhold

Emnet er eit elementært språkkurs som skal gje grunnleggande språkkunnskapar i spansk. Emnet gir utteljing med 15 studiepoeng, men kan ikkje inngå som del av fordjupingskrav i spansk i ein bachelorgrad. Emnet passar for studentar som ikkje har forkunnskapar i spansk frå vidaregåande skole eller liknande, men det kan også fungere som ei frittståande grunnopplæring i spansk.

Arbeids- og læringsformer

Forelesingar og seminar (6 t/v) og øvingar i språk-lab i haustsemesteret. Det vil vere obligatorisk deltaking i seminara. Studentane må rekne med stor eigeninnsats og aktiv deltaking i undervisninga.
Evalueringar av nivå og progresjon vil bli gjort med jamne mellomrom gjennom semesteret.

Vurderingsformer

Eksamenen er todelt:

1) Ei skriftleg prøve på 4 timar som tel 50 % av samla karakter

2) Ei munnleg prøve på inntil 15 min. som tel 50 % av samla karakter.

Prøva er for det fyrste ei samtale på spansk om emne som er gjennomgått i kurset, og for det andre høgtlesing frå og samtale om tekster på spansk.

Det krevst ståkarakter i begge eksamenane for å oppnå ståkarakter i heile innføringsemnet.

Det blir gjevne graderte karakterar frå A til F, der E er lågaste ståkarakter

Det tas forbehold om mindre justeringer i planen.

Publisert av / forfatter Eline Flesjø <eline.flesjoSPAMFILTER@hit.no>, sist oppdatert av Kristin Midtbø - 20.03.2013