Introduction to English Language 2005

Læringsutbytte

Ved avslutta emne skal studenten ha kjennskap til grunnleggjande terminologi innan grammatikk og fonetikk, og kunne nytte terminologien på faktiske språklege døme. Den teoretiske kunnskapen skal kunne nyttast slik at studenten sin eigen engelsk vert korrekt og idiomatisk både munnleg og skriftleg. Ein skal vidare kjenne til dei vanlegaste uttalevanskane og grammatiske feila hjå norske elevar, i tillegg til hovudforskjellane mellom engelsk og norsk grammatikk.

Innhold

Emnet vil gje ein brei oversikt over lydsystemet i det engelske språket og gje en generell innføring i det grammatiske formverket og korleis språket er bygd opp.

Arbeids- og læringsformer

Emnet har fire undervisningstimar i veka, fordelt på førelesinger og seminar. Dei enkelte emneområda vert gjennomgått og forklart på førelesingane. I seminarundervisninga får studentane høve til å arbeide med enkelttema gjennom oppgåveløysing og diskusjon. Det er krav om 75% oppmøte på seminara.

Vurderingsformer

Undervegsvurderinga i emnet vil vere ei munnleg eller skriftleg prøve som tel 40% av den endelege karakteren. Avsluttande munnleg eller skriftleg eksamen tel 60%. Både undervegs- og sluttprøver må vere beståtte for å få bestått karakter i emnet. Det vert gjeve karakterar på ein skala frå A til F, der E er dårlegaste beståttkarakter og F er stryk.

Ein føresetnad for godkjenning av emnet er 75% oppmøte på seminara, samt innlevering av minst to skriftlege arbeid. Minst eitt av desse må vere i grammatikk og minst eitt i fonetikk. Desse arbeida får ikkje karakter og tel ikkje med i emnets samla karakter, men må vere beståtte og vert rekna som ein del av arbeidskrava i emnet.

Det tas forbehold om mindre justeringer i planen.

Publisert av / forfatter Øystein I. Heggelund <oystein.heggelundSPAMFILTER@hit.no>, sist oppdatert av Øystein Heggelund - 22.02.2013