Kulturhistorisk analyse 2593
Læringsutbytte
Kunnskaper
Kandidaten:
- har avansert kunnskap om perspektiv og skiftande teoriar i studiet av kulturhistorie
- har inngåande kunnskap om norsk og europeisk historiografi frå 1800-talet (historismen og den tyske historiske skule) til den nye kulturhistoria på 1990-talet
- har inngåande kunnskap om sentrale kulturhistoriske retningar som mentalitetshistorie, mikrohistorie, nyhistorisme og kvardagshistorie
Ferdigheter
Kandidaten kan:
- kritisk analysere ulike kulturhistoriske retningar
- anvende og analysere relevante kjelder, frå skriftlege og munnlege kjelder til bilete og kunstuttrykk av ulike slag
- på et sjølvstendig grunnlag sjå og analysere kulturhistoria i samanheng med grunnleggjande samfunnsmessige og ide- og mentalitetshistoriske retningar
Generell kompetanse
Kandidaten:
- skal kunne analysere relevante tema kulturhistorisk, til dømes kulturarv, nasjonsbygging, migrasjon og folkekultur
- skal kunne på en kritisk og sjølvstendig måte gjennomføre prosjekter og arbeidsoppgåver knytt til analyse av eit relevant kulturhistorisk tema
- skal kunne formidle omfattande sjølvstendig arbeid om kulturhistorie og kulturhistoriske endringar
- kan i en tverrfaglig samanheng kommunisere om kulturhistoriske problemstillingar, analyser og konklusjonar
Innhold
Tematikken i dette emnet er ulike oppfatningar av kultur slik dei kjem til uttrykk
- i samanhengen med norsk historie og samfunnsmessige endringar
- i europeisk historie generelt, særleg i tradisjonane frå den tyske historiske skulen
- innan ulike tema som kulturarv, nasjonal identitet, migrasjon og folkekultur i Norge, Norden og Europa
Arbeids- og læringsformer
Undervisningsforma i fordjupingsemnet er seminaraktig, med blanding av forelesingar og seminar, med 3-4 timar pr veke i eitt semester.
Vurderingsformer
Sluttvurdering av fordjupingsemnet skjer ved prøveforelesing på 40 - 45 minutt eller ved munnleg eksamen. Kandidatane bestemmer sjølve om dei vil prøveforelese eller ha munnleg eksamen, men dei skal prøveforelese i det eine fordjupingsemnet og ha munnleg eksamen i det andre. Oppgåva til prøveforelesinga blir oppgitt av instituttet. Kandidatane melder frå ved oppmeldinga til det einskilde emnet kva for evalueringsform dei ønskjer.
Alternativt kan emnet bli avslutta med ei skriftleg heimeoppgåve med 10 dagars innleveringsfrist på maks 15 sider (1,5 lineavstand) + litteraturliste og ev. vedlegg.
Det tas forbehold om mindre justeringer i planen.
Publisert av / forfatter Ellen Schrumpf <ellen.schrumpfSPAMFILTER@hit.no>, sist oppdatert av Eline Flesjø - 08.01.2014