Språket i utvikling og variasjon 2112
Læringsutbytte
Etter studiet skal studenten kunne gjere greie for kva for språklege endringar som ligg til grunn for mangfaldet i det moderne norske talemålet. Han/ho skal ha oversikt over dei viktigaste diakrone utviklingstrekka frå urnordisk språk og fram til i dag, både dei indre endringane i språket og dei ytre faktorane. I tillegg skal studenten vere i stand til å heimfeste norske målføre ut frå dei ulike dialekttrekka. Studiet skal føre til kunnskap om sambandet mellom ulike former for språkleg variasjon og ulike samfunnstilhøve.
Innhold
Norrønt, utviklinga frå norrønt fram til i dag og dei ulike dialektane.
Arbeids- og læringsformer
Haustsemesteret, 6 veketimar i 15 veker. Forelesing og seminar.
Emnet går inn i bachelorgraden i språk og litteratur med fordjuping i norsk, og i årsstudiet i norsk. Emnet er obligatorisk for studentar som vil ha undervisningskompetanse i norsk i grunn- og vidaregåande skole.
Vurderingsformer
To individuelle skriftlege arbeid (heimeoppgåver), som tel 40 %. 5 timars sluttprøve, som tel 60 %. Alle oppgåvene skal skrivast på bokmål. Det krevst ståkarakter både på dei innleverte arbeida og på sluttprøva.
Det tas forbehold om mindre justeringer i planen.
Publisert av / forfatter Evy Beate Tveter <evy.b.tveterSPAMFILTER@hit.no> - 15.04.2013