Språket i utvikling og variasjon (samlings- og nettbasert) 2120
Læringsutbytte
Etter studiet skal studenten kunne gjere greie for kva for språklege endringar som ligg til grunn for mangfaldet i det moderne norske talemålet. Han/ho skal ha oversikt over dei viktigaste diakrone utviklingstrekka frå urnordisk språk og fram til i dag, både dei indre endringane i språket og dei ytre faktorane. I tillegg skal studenten vere i stand til å heimfeste norske målføre ut frå dei ulike dialekttrekka. Studiet skal føre til kunnskap om sambandet mellom ulike former for språkleg variasjon og ulike samfunnstilhøve. Studenten skal og kunne vurdere tekstar av andrespråksbrukarar og vere medveten om ulike trekk frå mellomspråk.
Innhold
Norrønt, utviklinga frå norrønt fram til i dag og dei ulike dialektane.
Arbeids- og læringsformer
Annakvart haustsemester. To helgesamlingar à to dagar, nettforelesingar og nettsamtaler i grupper. Faglærar vil vere tilgjengeleg for samtale til faste tidspunkt kvar veke. Dessutan blir det jamleg lagt ut undervisningsstoff på fronter. Emnet går inn i bachelorgraden i språk og litteratur med fordjupning i norsk, og i årsstudiet i norsk. Emnet er obligatorisk for studentar som vil ha undervisningskompetanse i norsk i grunn- og vidaregåande skole.
Vurderingsformer
Vurderingsformene er individuelle heimeoppgåver og skriftleg individuell prøve (sluttprøve). Kvar student leverer to heimeoppgåver som til saman tel 40 %. 5 timars sluttprøve tel 60 %. Det krevst ståkarakter på begge hemeoppgåvene og på sluttprøva. Alt skal skrivast på bokmål.
Det tas forbehold om mindre justeringer i planen.
Publisert av / forfatter Evy Beate Tveter <evy.b.tveterSPAMFILTER@hit.no> - 15.04.2013