Friluftsliv, jakt og fiske 4008
Læringsutbytte
Etter fullført emne skal studentane ha følgjande læringsutbytte i form av kunnskap, ferdigheiter og generell kompetanse:
- Studentane skal få ei innføring i jakt og fiske som ein viktig del av friluftslivsomgrepet
- Bli kjent med friluftslivet si historie og samanhengen med tradisjonell jakt og fiske
- Få innsikt og sjå samspelet mellom utøving av friluftsliv, jakt og fiske og moglege og aktuelle verknader på dei økologiske tilhøva i naturen
- Bli kjent med korleis jakt og fiske blir organisert i Noreg, dens økonomisk verdi, og dei nasjonale og internasjonale lova av størst betydning for jakt og fiske som friluftslivsaktivitet
- Få innsikt i dei etiske og dyrevernsmessige sider ved jakt og fiske
- Det blir lagt vekt på ei praktisk innføring i viktige sider ved jakt og fiske som grunnlag for ei tilnærming til meir teoretisk forståing av korleis friluftsliv er betinga av og kan påverke naturen
- Kunne rådgive potensielle arbeidsgivarar om vikigheiten av jakt og fiske som friluftslivsaktivitet i Noreg
- Kunne implementere kunnskapen om jakt og fiske i tverrfaglege samanhengar
- Kunne veilede om praktiske tiltak til forbedring av jakt og fiske som friluftslivsaktivitet
- Kunne sette jakt og fiske som friluftslivsaktivitet på dagsorden og bidra med faglege innspel i tverfaglege diskusjoner
- Bidra ved planlegging og gjennomføring av friluftslivsprosjekter og -tiltak som omfattar forståing og forvaltning av jakt og fiske
Innhold
Sentrale tema:
· Friluftslivshistorie: friluftslivet si utvikling i Norge med røter i tradisjonell utøving av jakt og fiske for naturalhushaldning, friluftslivsomgrepet i dag.
· Jakt: Historisk utvikling av jakt i Norge, naturleg produksjon, jaktutøving, målsetting og organisering av viltforvaltning, etiske sider ved jakt og fangst, innverknad av jakt på viltbestandar, jakta si framtid som friluftslivsaktivitet.
· Fiske: Fiskbare artar, produksjon, artskunnskap, utbreiing, kultivering, sportsfiske som friluftsliv.
· Jakt- og fiskeforvaltning: Lovgrunnlag, norsk eigedoms- og forvaltningsstruktur.
· Økologiske verknader: Uttak ved jakt og fiske, enkel populasjonsdynamikk, sårbar natur og verknader av ferdsel og forstyrring.
Arbeids- og læringsformer
50 timar forelesing.
Obligatorisk: Fem dagar med feltekskursjonar. Ein godtek inntil 20% gyldig fråver.
Vurderingsformer
Det blir gitt karakterar på ei skriftleg sluttprøve (3 timar). Ekskusjonar må være godkjente for å få godkjent vurdering i emnet.
Det tas forbehold om mindre justeringer i planen.
Publisert av / forfatter Howard Parker <Howard.ParkerSPAMFILTER@hit.no>, sist oppdatert av Anette Norheim Fredly - 07.01.2013