Felles innføringsdel 30MASTFD
Læringsutbytte
- Studenten skal ha tileigna seg kunnskap om tradisjonskunsten og den kulturelle konteksten tradisjonskunsten er i og om metode og teori som er relevant for det enkelte prosjekt.
- Studenten skal ha tileigna seg ferdighet til å orientere seg i feltet, arbeide praktisk og problematisere, kontekstualisere og grunngje den utøvande praksis.
- Studenten skal ha tileigna seg generell kompetanse i å analysere og evaluere kulturelle uttrykk.
Innhold
Det faglege innhaldet i mastergradsstudiet fell i to delar, den felles innføringsdelen og den individuelle praktisk-teoretiske delen: mastergradsprosjektet m. forprosjekt.
Den felles innføringsdelen:
Ein vil få ei felles innføring gjennom 3 hovudtema:
- Tradisjon, kultur og identitet
- Vitskapsteori og prosjektutvikling
- Praktisk del
Desse vil i nokon grad gripe inn i og overlappe kvarandre.
Tradisjon, kultur og identitet: Studentane skal kunne drøfte identitetsprosessar rundt tradisjon og tradisjonskunst i ulike kulturelle kontekstar. Eit særleg tema er kommunikasjon og formidling av tradisjonskunst og endringar i høve til nye medium, globalisering og andre kulturelle tilhøve. Andre viktige felt er klasseproblematikk og nasjonalisme, t.d. spørsmål om korleis vår norske identitet blei knytt til folkekulturen og bygde-Noreg.
Vitskapsteori og prosjektutvikling: Studentane skal få ei oversikt over det vitskapsteoretiske feltet innan kunst- og kulturfaga og bli kjend med viktige omgrep og problemstillingar i tilknyting til dette. Dei skal og sette slike omgrep i samband med eigne prosjektplanar og utvikle eit fyrste utkast til prosjektplan. Fokus vil vere på teoretiske og metodiske problem, noko som skal førebu studenten på arbeidet med forprosjektet og mastergradsprosjektet, der integrering av teoretiske og utøvande element vil vere sentrale.
Praktisk del: Gjennom praktisk arbeid med ulike uttrykk skal studentane tileigne seg praktisk kunnskap i bruk av omgrep som er eigna til analyser, skildringar og arbeid med estetiske uttrykk. Det vil bli eigne seminar for folkekunst og folkemusikk. Praktisk del avsluttast med ein presentasjon der ein syner eit arbeid utvikla i løpet av seminara.
Arbeids- og læringsformer
Det vil bli førelesingar og seminar både med faste lærarar og gjesteførelesarar. Undervisning og prøver i den felles innføringsdelen skjer i haustsemesteret.Vanlegvis er undervisninga konsentrert til tirsdag,onsdag og torsdag.Nokre av undervisningsøktene kvart semester blir fagseminar som også inneheld praktisk utøvande workshops. Det vil bli gjeve oppgåver og informasjon undervegs.
Vurderingsformer
Den felles innføringsdelen av mastergradsstudiet vil utgjere 30 studiepoeng .
Det vil bli kravd to skriftlege innleveringar, i midten og på slutten av første semester. Den første må vere evaluert til ”bestått” for at studenten kan gå vidare til neste skriftlege innlevering. I tillegg kjem ein presentasjon i samband med praktisk del som og må vera bestått før siste innlevering. På den siste innleveringa vil det bli gjeve karakter på skalaen A-F. Karakterane A-E er ”bestått”. Karakteren F er ”ikkje bestått”. Karakteren på den avsluttande innleveringa vil telje ¼ av den samla karakteren i heile mastergradstudiet.
Det tas forbehold om mindre justeringer i planen.
Publisert av / forfatter Bodil Akselvoll <Bodil.AkselvollSPAMFILTER@hit.no>, sist oppdatert av Ian Hector Harkness - 20.12.2013