Folkemusikk 1 60FMUS1
Læringsutbytte
Ein kandidat med fullført folkemusikk I skal ha ferdigheiter i utøving av instrumental eller vokal norsk folkemusikk og dans. Han / ho skal ha skaffa seg praktisk røynsle i den sentrale overføringsprosessen / læresituasjonen i folkemusikken, “læring ved herming “ eller “sjå-høre-etterlikne- metoden”. Kandidaten skal kunne innordne seg og aktivt bidra til heilskapen i ulike former for samspel. Han / ho skal ha brei kunnskap om dei norske folkemusikktradisjonane, både med omsyn til breidda og forståinga av dei historiske forholda som har skapt dei. Kandidaten skal forstå korleis tradisjonsmusikken er skapt i spenningsfeltet mellom impuls og tradisjon, mellom nytt og gamalt. Han / ho skal kunne skildre og analysere ei folkemusikalsk form med musikkteoretiske omgrep, gje att musikalske element, vere i stand til å lese, tolke og analysere eit notebilete og notere musikk. Kandidaten skal vere i stand til å planleggje, grunngje og vurdere konsekvensar av folkemusikkformidling i ulike samanhengar.
Innhold
Ein vil drøfte kjernematerialet utifrå eit vidt fagleg perspektiv, der musikkfaglege, kulturhistoriske og samfunnsvitskaplege synspunkt saman skal danne grunnlag for studiet. Den teoretiske fellesdelen har eit omfang på omlag 60 %, medan den praktiske og individuelle delen har eit omfang på omlag 40 %.
Fellesdelen har desse fagområda:
- Tradisjonskunnskap
- Folkemusikken og samfunnet
- Musikkteori
- Hørelære
Individuell / praktisk del:
- Hovudinstrument
- Samspel / biinstrument
- Prosjekt
- Dans
FELLESDEL
Hovudemne 1 - TRADISJONSKUNNSKAP
Tradisjonskunnskapen er det største emnet i studieplanen.
Delemne:
- Typar
Emnet tar for seg typane innan tradisjonsmusikken. Gjennomgangen av kvar einskild type skal innehalde både ei konkret, musikalsk skildring og ei utgreiing om historikken som knyt seg til den aktuelle typen.
- Instrument / organologi
Innføring i klassifikasjonssystem (m.a. Sachs og Hornbostel sitt system)
Utgreiing om det norske tradisjonsmusikkinstrumentariet (speleteknikk, geografisk utbreiing, historikk osb. for kvart einskild instrument)
- Samspelsformer
Samansetjing av instrument
Dei ulike instrumenta si musikalske rolle
- Norsk musikkhistorie frå dei tidlegaste tidene fram mot vår tid
Historiske epokar i kunstmusikken og ”linkar” til folkemusikken
Dei tidlegaste kjeldene til musikk i Norden
Musikk og dans i mellomalderen
Salmesang, latinskolen
Stadsmusikantvesenet
Innsamling av folkemusikk
Bruk av folkemusikk i kunstmusikken
Folkemusikkforsking
Globalisering av folkemusikken
Vokal folkemusikk
Praktisk-teoretisk innføring i forskjellige vokalmusikktypar
Problem knytta til klassifisering av vokalmusikk
Gjennomgang av typar (bånsullar, lokk, ballader, stev osb.)
- Dei ulike tradisjonsområda
Oppsummering m.h.t. variasjonar (typer, instrument, terminologi m.m.)
Sentrale tradisjonsberarar i ulike tidsbolkar.
Hovudemne 2 - FOLKEMUSIKKEN OG SAMFUNNET
Sentrale spørsmål i emnet er:
- Kva er folkemusikk ?
- Kvifor folkemusikkstudium ?
- Korleis arbeide med tanke på utøving og formidling innan folkemusikk ?
For å kunne gå inn på desse spørsmåla ( kva, kvifor og korleis), må studenten tileigne seg kunnskap om korleis folkemusikkomgrepet har utvikla seg historisk. Dei må vidare setje seg inn i ein del elementære samfunnsfaglege omgrep og teoriar for betre å kunne sjå forholdet mellom folkekulturen og samfunnet og den utøvande (folke)musikaren sin plass innan ulike samfunnsformer og i forskjellige historiske epokar. Den norske og nordiske kulturen skal forståast i ein europeisk / global samanheng. Utifrå dette skal dei på sjølvstendig grunnlag kunne drøfte innhaldet i folkemusikkstudiet og den plassen studiet og folkemusikken har i eit moderne samfunn.
Studentane skal kunne formidle erfaringar frå praktisk arbeid innafor folkemusikk ved å skaffe seg kunnskap om prosjektarbeid og rapportskriving knytt til dette. Dei skal også lære seg ein del elementær kommunikasjonsteori. Studentane skal øve seg i praktisk formidling av folkemusikk ved å arrangere konsertar / kappleik. Studentane skal delta på ein obligatorisk studietur i løpet av skuleåret, for å ta del i og oppleve eit folkemusikkarrangement.
Delemne:
- Avklaring av omgrep og avgrensing av fagområdet
Folkemusikk / tradisjonsmusikk, populærmusikk / underhaldningsmusikk, kunstmusikk
Tradisjonsomgrepet
- Kva er folkemusikk ?
Kulturdefinisjonar / samfunn
Status / rolle / funksjon
- Utvikling av kunstnarrolla
Innføring i historiske og nåverande samfunnstypar
Politikk, marknad og profesjonalisering
- Det lokale, det nasjonale og det globale
Identitet, etnisitet og nasjon
Folkekulturen si meiningsberande kraft
- Folkekulturen og byggjinga av nasjonen
Prosessane i den norske nasjonsbyggjinga frå slutten av 1700-talet
- Kommunikasjonsteori
Kommunikasjonsteoretiske omgrep og modellar
Korleis ting får meining
Tekst og kontekst
Media og påverknad
- Prosjektarbeid
Utvikling av problemstilling og gjennomføring av prosjekt. Det er vide rammer for val av tema, med det skal kunne relaterast til hovudmåla for studiet. Prosjektet kan byggjast opp på teoretiske studiar, men og på skapande eller praktisk – pedagogisk arbeid. Det vert i alle høve sett same krav til den skriftlege delen: -prosjektrapporten. Omfanget skal vere om lag 15 – 25 sider. I høve til utforminga av rapporten viser ein til retningslinjer i kjeldebruk og utforming av skriftlege arbeid som blir delte ut ved studiestart.
- Formidlingsoppgåver
Kappleik / Festival
Konsert ved avslutninga av studieåret
Huskonsertar
Hovudemne 3 - MUSIKKTEORI
Faget omhandlar både generelle musikkteoretiske emne og meir spesielle område der det er naudsynt med fordjuping, t.d. tonalitet, form og metrum i folkemusikken og forholdet mellom musikk og dans. Som eit grunnlag i faget ligg eit allment musikkteoretisk omgrepsapparat som skal danne basis for ei meir djuptgåande tilnærming til stoffet. Denne delen må sjåast i samanheng med hørelæra.
Faget går detaljert inn på teoretiske forhold ved våre folkemusikalske former og ved instrumenta som blir brukte. Undervisninga skal drøfte om den vanlege musikkteoretiske bruken av omgrep er tilstrekkeleg for å skildre og forstå dei folkemusikalske formene.
Delemne
- Allmenn musikkteori
Elementær notelære
Intervall
Konvensjonelle tone- og taktartar
Grunnleggjande akkordlære
- Notasjon
Særskilte problem ved notasjon av folkemusikk
Grepsnotasjon på fele
- Formanalyse
Form- og motivtypar
Ulike modellar
- Tonalitet
Overtonerekka og reinstemming
Ulike skalatypar
Modalitet og rammeintervall
- Takt og rytme
Metrikktypar i folkemusikken
Forholdet mellom musikk og dans
Hovudemne 4 - HØRELÆRE
Faget skal byggje bru mellom eit teoretisk omgrepsapparat og praktisk utøvande verksemd. Sentralt i kunnskapsbyggjinga i faget er opparbeiding av den indre førestellingsevna som gjeld melodiminne, grunntone og metrisk struktur. Denne må utviklast gjennom melodiske og rytmiske øvingar og er ein føresetnad for utvikling av reidskapar til notasjon og tolkning av notasjon.
Øvingsstoffet vil i hovudsak ha utgangspunkt i tradisjonell norsk folkemusikk, men både det allmenne, det generelle og det meir spesielle ved folkemusikken vil bli handsama. Ulike tema blir omhandla, og desse vil ein arbeide med parallelt.
Ein vil arbeide med forskjellige lytteøvingar, intervalltrening, ulike øvingar i identifisering og attgjeving av melodi og rytmar. Leseøvingar og øving i notasjon gjennom melodiske og rytmiske diktatar vil også vere typiske aktivitetar i undervisninga.
Delemne
- Notasjon og prima vista
Trening i notasjon
Bladsong frå ymse kjelder
- Lytting og attgjeving
Intervall
Ulike skalaformer og modi
Akkordar
Ulike rytmar og puls
INDIVIDUELL / PRAKTISK DEL
Studentane skal få innsyn i og forståing for ulike sider innan folkemusikkens mange uttrykksformer gjennom ei praktisk tilnærming. Studentane får praktisk undervisning og rettleiing i song eller på ulike instrument med utgangspunkt i dei norske folkemusikktradisjonane. Med dette som basis vil det og kunne vere ei utfordring med vidareføring gjennom eksperimentering og nyskaping, til dømes gjennom ulike former for samspel.
Det må takast omsyn til kva lærarkreftene ved studiet kan tilby.
Delemne
- Hovudinstrument
Den einskilde studenten skal opparbeide og utvikle eit repertoar med tradisjonell song- og / eller spelmateriale. Kvar student vel i samråd med faglærar eit hovudinstrument innan dei norske song- og speltradisjonane. I samråd med læraren kan studentane fordjupe seg i ein eller fleire tradisjonar, men alle skal i løpet av studieåret få kjennskap til ulike typar og sjangrar på det instrumentet dei har valt. Studentane skal få erfaring i å bruke ulike kjelder for læring; -læring ved herming, fonogram og noter. Som ein del av rettleiinga vil studenten gå igjennom oppspeling / testar for lærarkollegiet gjennom året.
- Biinstrument
Studentane skal ha eit tilbod i biinstrument. Undervisninga blir normalt organisert i grupper, og er avgrensa av tilgangen på instrument og lærekrefter.
- Samspel
Studentane skal få røynsle i ulike samansetjingar, m.a. med tanke på konsertar, ulike formidlingsoppdrag og arbeid i lydstudio. Samspel krev deltaking frå heile gruppa og er difor obligatorisk.
- Dans
Studentane skal få eit felles grunnlag for oppleving av dans som sosial samversform. Gjennom tilnærming til dei ulike sjangrane i folkedansrepertoaret skal studentane få eit innnblikk i desse, og få ei djupare forståing av forholdet mellom dans og musikk. Med omsyn til denne viktige faglege sida, og at dans er ein sosial aktivitet som krev deltaking frå heile gruppa, er danseundervisninga obligatorisk. Ein startar med eit utval av dei vanlege runddansformene i landssamanheng. I løpet av året skal ein også innom noko av det fellesnasjonale repertoaret m.o.t. turdans, songleik og songdans, men hovuddelen av arbeidet vil liggje på bygdedansen. Her vil ein gå inn i ulike lokale og regionale former. Denne tilnærminga må sjåast i samband med fagteorien.
Arbeids- og læringsformer
Undervisningsforma er forutan praktisk arbeid med musikk og dans, forelesingar, seminar, ekskursjonar, sjølvstudium, skriftlege heimeoppgåver, prosjektarbeid (formidlingsoppgåver) og gruppearbeid med framlegging. Deltaking i, og framlegging av gruppearbeid, er obligatorisk. Undervisninga er til vanleg lagt til faste vekedagar gjennom året. Ved nokre høve kan undervisninga bli organisert i intensive periodar. Desse er obligatoriske. Fagstoffet blir formidla til studentane først og fremst av lærarar ved studiet, men og av utøvarar / gjestelærarar med ulik tradisjonsbakgrunn som har eit nært forhold til stoffet og som sit inne med viktig kunnskap som ikkje er å finne i bøker. Slik undervisning er obligatorisk.
I forelesingane vil ein i nokon grad bruke audiovisuelle hjelpemiddel og ta opp tema til diskusjon. Ein er i stor grad avhengig av aktiv deltaking frå studentane si side. Gruppearbeid er særleg aktuelt i dei ulike formidlingsoppgåvene, men det er og ønskjeleg at studentane organiserer eigne kollokviegrupper.
Alle studentar får kvar 20 timer individuell undervisning på hovudinstrument. Det er høve til å kvalifisere seg for ytterlegare undervisning på hovudinstrument. Dette skjer ved prøvespeling tidleg i første semester. Undervisninga på biinstrument blir organisert i grupper. Samspelgruppene kan ved ein del høve bli organisert av studentane sjølve. Det er ønskjeleg at studentane tek initiativ til å halde huskonsertar. Studentane skal i arbeidet med hovudinstrument få kontinuerleg vurdering og tilbakemelding om framgang frå faglærar.
Ved studiestart blir det arrangert eit intensivkurs i grunnleggjande musikkteori for dei som ønskjer det. Hørelærefaget vil for det meste bli organisert som praktisk gruppeundervisning. Etter første og andre semesteret blir det halde prøver i allmenn musikkteori og hørelære. Desse må godkjennast før studenten kan gå opp til eksamen.
Emne knytt til utforming av problemstilling og gjennomføring av individuell prosjektoppgåve, blir tema i felles teoriundervisning. Studentane vil og få 3 timar individuell rettleiing i høve til prosjektet.
Ved avslutninga av studieåret opnar instituttet dørene for publikum. Studentane presenterer arbeid som er gjort gjennom året, i form av utstillingar, visningar og konsertar. Folkemusikk, årsstudiet, arrangerar ein stor avslutningskonsert.
Vinterkappleik / festival er eit årleg arrangement som er lagt til byrjinga av vårsemesteret. Alle studentane på folkemusikk 1 skal vere med på planlegging og gjennomføring av dette arrangementet. Arrangementet er organisert og gjennomført som eit prosjektarbeid. Ein lærar frå folkemusikkteamet vil ha ansvaret for å følgje opp dette arbeidet.
Vurderingsformer
EKSAMEN
Eksamen omfattar studentmappe, ein skriftleg heimeeksamen og ei munnleg prøve (utøving). Studentane kan velje bort munnleg prøve / utøving som del av eksamen. For dei som gjer dette, tel skriftleg heimeeksamen 50% av sluttkarakter.
Skriftleg, individuell heimeeksamen
- tradisjonskunnskap
- folkemusikken og samfunnet
- musikkteori
Munnleg prøve
Instrumental og vokal utøving (hovudinstrument). Studentane blir prøvd i eit repertoar på ca. 15 min. på hovudinstrumentet.
Prøving i bi-instrument kan etter søknad gå inn som ein del av vurderinga.
Mappevurdering
Kvar student har ei mappe der arbeid, prøver, innleveringar, faglærar sine vurderingar o.s.b samlast systematisk. Dette materialet skal gje eit bilete av studenten sitt nivå.
Innhaldet i mappa skal vere:
- eit skriftleg arbeid pr. semester i emna tradisjonskunnskap, folkemusikken og samfunnet og musikkteori (tilsaman 6)
- individuell prosjektoppgåve
VEKTING
Dei ulike delane av vurderinga vektas slik:
- skriftleg heimeeksamen 2 (5)
- munnleg prøve / utøving 3
- mappe 5, der individuell prosjektoppgåve utgjer 1,5
OBLIGATORISK FRAMMØTE / ARBEIDSKRAV
For å få gå opp til eksamen må studenten:
- delta i obligatorisk undervisning i dans og samspel
- delta på obligatoriske gjesteforelesningar
- delta på obligatorisk gruppearbeid og framlegging
- delta ved intensive undervisningsopplegg
- få godkjent deltaking i organisering og gjennomføring av vinterkappleik/festival
- levere individuell prosjektoppgåve innan fristen
- få godkjent prøver i allmenn musikkteori og hørelære
- deltaking på obligatorisk studietur
I emne med obligatorisk frammøte må ein søkje instituttet om å få vitnemål dersom fråveret i det einskilde emnet er på meir enn 20 %. Søknaden vert handsama etter skjønn.
Det blir gjeve ein gradert karakter på vitnemålet, gradert frå A til F der A er beste og E er lågaste ståkarakter. Kvart delemne må ha bestått karakter for at hovudemnet skal vere bestått.
Ein viser også til forskrift om eksamen ved Høgskolen i Telemark.
Med atterhald om mindre justeringar i planen.
Det tas forbehold om mindre justeringer i planen.
Publisert av / forfatter Bodil Akselvoll <Bodil.AkselvollSPAMFILTER@hit.no> - 08.01.2013