Norsk 1 - Den andre lese- og skriveutviklinga NOR 501
Læringsutbytte
Norskfaget i grunnskolelærarutdanninga handlar om identitet, kultur, danning og tilhøvet vårt til samtid og fortid. Faget skal få studentane til å forstå seg sjølve i ein større, fleirkulturell samanheng. Å vere lærar for elevar på mellom- og ungdomstrinnet i alderen mellom 11 og 16 år krev at ein kan leggje til rette for at elevane vidareutviklar seg som lesarar, skrivarar og munnlege språkbrukarar, og at ein kan gi opplæring i dei grunnleggjande ferdigheitene.
Studenten skal etter arbeid med NOR 501 «Den andre lese- og skriveutviklinga» ha fylgjande læringsutbytte:
Kunnskap
Studenten skal kunne
- greie ut om og drøfte relevante teoriar om lesing, skriving og lese- og skriveopplæring, og kunne drøfte dei ulike funksjonane lesing og skriving kan ha for elevars utvikling og læring
- greie ut om språket som system og drøfte språket i bruk
- greie ut om fleirspråklegheit, og kunne drøfte fleirspråkleg praksis og det å lære norsk som eit andrespråk
- kunne greie ut om samisk og andre språk og minoritetsspråk i Norden
Dugleikar
Studenten skal kunne
- vurdere og bruke relevante undervisningsmetodar i lese- og skriveopplæring og skriftforming frå 5. til 10.trinn, både for elevar med norsk som førstespråk og andrespråk, og for elevar som skriv på bokmål og elevar som skriv på nynorsk
- samanlikne norsk, svensk og dansk
- bruke språk- og tekstkunnskap i arbeid med analyse, respons og vurdering av munnlege og skriftlege elevtekstar for å fremje læring
- kartleggje og vurdere lese- og skriveferdigheiter, setje i verk relevante tiltak for tilpassa opplæring og oppdage lese- og skrivevanskar
Generell kompetanse
Studenten skal kunne
- arbeide med språk og tekst i fleirkulturelle klassemiljø, utvikle språk- og kulturforståinga hjå elevane og rettleie elevane i arbeidet deira
- uttrykkje seg ved ein klar og trygg språkbruk, både munnleg og i begge skriftlege målformer
- nytte faglege kunnskapar til kritisk og konstruktiv refleksjon, og vurdere norskfaget og eigen praksis som norsklærar
- reflektere over norskfaget ut frå forsking og i høve til fagets historie, og sjå faget i eit større danningsperspektiv, samt bidra til utvikling av lokale læreplanar i faget
- planleggje, gjennomføre og vurdere norskundervisning på ulike trinn frå 5. til 10. klasse, og bruke ulike vurderingsmåtar i norskfaget
Innhold
Den andre lese- og skriveopplæringa er tittelen på fyrste modul av norskfaget ved GLU 5-10. Studenten skal utvikle kunnskap om språk og utvikling av språklege ferdigheiter, og lære å nytte desse kunnskapane i arbeid med lese- og skriveopplæring. Arbeidet med å vidareutvikle lese- og skriveferdigheiter til elevar frå 5. til 10. trinn står sentralt.
Felles for fyrste og andre modul er vektlegginga av munnleg framstillingsevne og skriftlege ferdigheiter i båe målformer. Studenten skal òg kjenne dei utfordringane og moglegheitene det gir å arbeide i eit fleirkulturelt klassemiljø. Framfor alt skal studenten utvikle ei sjølvstendig og fagleg reflektert haldning til eit norskfag der elevens læring står i sentrum.
Arbeids- og læringsformer
Arbeidet i studiet vil bli organisert på mange måtar: fellesforelesingar, seminartimar, rettleiing i grupper, skrivegrupper, kortare kurs og bruk av Fronter og mappeskriving. I løpet av studiet vil du også få norskfaglege oppgåver knytt til praksis, og du skal delta i arbeid på tvers av fag. Det blir lagt stor vekt på skriveutvikling hjå studentane.
Semesterplanen er eit bindande dokument. Her blir innhaldet og den praktiske gjennomføringa av semesteret presisert. Her kjem det også fram kva som er obligatorisk.
Vurderingsformer
Studenten vil bli prøvd i ein skriftleg skoleeksamen. Eksamenen varer i 6 timar, og målforma er bokmål.
Det blir gitt éin karakter gradert frå A til F, der A er beste og E er dårlegaste ståkarakter.
Det tas forbehold om mindre justeringer i planen.
Publisert av / forfatter Petter Bjellås <petter.bjellasSPAMFILTER@hit.no>, sist oppdatert av Ian Hector Harkness - 27.05.2013