Norsk 2 - Språk og litteratur i eit historisk perspektiv NOR 503
Læringsutbytte
Norskfaget i grunnskolelærarutdanninga handlar om identitet, kultur, danning og tilhøvet vårt til samtid og fortid. Faget skal få studentane til å forstå seg sjølve i ein større, fleirkulturell samanheng. Å vere lærar for elevar på mellom- og ungdomstrinnet i alderen mellom 11 og 16 år krev at ein kan leggje til rette for at elevane vidareutviklar seg som lesarar, skrivarar og munnlege språkbrukarar, og at ein kan gi opplæring i dei grunnleggjande ferdigheitene.
Studenten skal etter arbeid med NOR 503 «Språk og litteratur i eit historisk perspektiv» ha fylgjande læringsutbytte:
Kunnskap
Studenten skal kunne
- drøfte korleis elevar på ungdomssteget kan vidareutvikle skriveferdigheitene sine, både elevar med norsk som førstespråk og norsk som andrespråk
- greie ut om talemålsvariasjonen i moderne norsk på historisk og dialektologisk grunnlag
- greie ut om norsk språkhistorie og om gjeldande normering av bokmål og nynorsk
- greie ut om språk som ungdom brukar
- greie ut om sentrale sider ved norsk litteraturhistorie, og drøfte plassen ulike tekstar har i litteraturhistoria
Dugleikar
Studenten skal kunne
- samanlikne tekstar skrivne for ungdom og vaksne med omsyn på innhald, form og funksjon
- bruke kunnskapen om talemål og skriftspråksnormering i skriveopplæringa
- leggje til rette for og gjennomføre undervisning i den målforma som er sidemål for elevane
- setje sentrale norske tekstar og eit utval samiske tekstar (i omsetjing) inn i ein historisk samanheng og sjå dei i lys av nordisk og annan internasjonal litteratur
Generell kompetanse
Studenten skal kunne
- arbeide med språk og tekst i fleirkulturelle klassemiljø, utvikle språk- og kulturforståinga hjå elevane og rettleie elevane i arbeidet deira
- uttrykkje seg ved ein klar og trygg språkbruk, både munnleg og i begge skriftlege målformer
- nytte faglege kunnskapar til kritisk og konstruktiv refleksjon, og vurdere norskfaget og eigen praksis som norsklærar
- reflektere over norskfaget ut frå forsking og i høve til fagets historie, og sjå faget i eit større danningsperspektiv, samt bidra til utvikling av lokale læreplanar i faget
- planleggje, gjennomføre og vurdere norskundervisning på ulike trinn frå 5. til 10. klasse, og bruke ulike vurderingsmåtar i norskfaget
Innhold
Språk og litteratur i eit historisk perspektiv er tittelen på tredje modul av norskfaget ved GLU 5-10. Det historiske perspektivet er sentralt, både når det gjeld språklege og litterære emne. Dei språklege emna er knytte til både notid og fortid, t.d. språkhistorie, ungdomsspråk og sidemålsdidaktikk. Studenten skal også lese både eldre og nyare skjønnlitteratur, essay og sakprosa, av og til med eit komparativt blikk på nordisk og internasjonal litteratur.
Felles for tredje og fjerde modul er fokuset på språk og tekst i fortid og samtid. Studiet skal byggje på forsking. Det vil seie at utdanningsprogrammet vil formidle forskingsbasert kunnskap samstundes som studenten skal skrive oppgåver etter vitskapsteoretiske og metodiske prinsipp. Norskfaget er eit tekstfag, og derfor vil studenten også få ei innføring i grunnleggande tolkingsteori (hermeneutikk).
Arbeids- og læringsformer
Arbeidet i studiet vil bli organisert på mange måtar: fellesforelesingar, seminartimar, rettleiing i grupper, skrivegrupper, kortare kurs og bruk av Fronter og mappeskriving. I løpet av studiet vil du også få norskfaglege oppgåver knytt til praksis, og du skal delta i arbeid på tvers av fag. Det blir lagt stor vekt på skriveutvikling hjå studentane.
Semesterplanen er eit bindande dokument. Her blir innhaldet og den praktiske gjennomføringa av semesteret presisert. Her kjem det også fram kva som er obligatorisk.
Vurderingsformer
Studenten vil bli prøvd i både ei presentasjonsmappe og ein individuell skriftleg skoleeksamen.
Presentasjonsmappa blir vurdert til bestått eller ikkje bestått, der bestått tilsvarer den graderte skalaen A-E og ikkje bestått tilsvarer F. Mappa skal ha om lag like mange tekstar på nynorsk og bokmål. Krava til mappeinnhald blir spesifisert i semesterplanen.
Den skriftlege eksamenen blir vurdert med éin karakter gradert frå A til F, der A er beste og E er dårlegaste ståkarakter. Eksamenen varer i 6 timar, og målforma er nynorsk.
Det tas forbehold om mindre justeringer i planen.
Publisert av / forfatter Petter Bjellås <petter.bjellasSPAMFILTER@hit.no>, sist oppdatert av Ian Hector Harkness - 27.05.2013