934 Kulturstudier, master
Innledning
Ved masterstudiet skal studentane studere og tileigne seg innsikt i grunnlaget for kultur slik det kjem til uttrykk gjennom ulike fagtradisjonar innanfor humaniora og fortolkande samfunnsvitskap i tråd med den internasjonale cultural studies-tradisjonen. Innsikt i grunnlagsteori og fagtradisjonar skal nyttast i arbeidet med sentrale tema i kulturstudiar, i fordjupingsemna og masteroppgåva, som er ein viktig del av studiet.
Masterstudiet er eit tverrfagleg studium som skal skaffe innsikt og oversikt som ein ikkje så lett får i eit einfagleg studium. Det gjeld ikkje minst i forhold til sentrale tema i moderne samfunnsliv som identitet, multikulturalisme, globalisering, kropp og kjønn, samt moderne kunstnarroller og aktuell kulturpolitikk.
Eit viktig mål er å ta vare på den allmenne kulturforståinga og opne for fordjuping og spesialisering innan avgrensa emneområde og tema.
Målgruppe og opptakskrav
Studiet er særleg aktuelt for studentar med humanistisk eller fortolkande samfunnsvitskapleg fag eller ulike tverrfaglege kulturstudium i bachelorgraden sin. Ved sida av studentar som går rett frå fullført bachelorgrad, rettar studiet seg også mot søkarar med yrkeserfaring, for eksempel tilsette i media og i offentlege og private kulturorganisasjonar. Studiet eignar seg som etterutdanning, m.a. for lærarar og tilsette i det offentlege og private som arbeider med kulturfaglege problemstillingar. For å bli tatt opp på masterstudiet må ein ha bachelorgrad med C i gjennomsnittleg karakter og følgjande faglege bakgrunn
- Eit humanistisk fag
- Eller eit relevant samfunnsvitskapleg fag
- Eller eit tverrfagleg kulturstudium.
Etter særskild søknad kan ein takast opp med ein annan fagleg bakgrunn som er relevant for masterstudiet. Det skal da gjerast ei heilskapsvurdering av den faglege bakgrunnen.
Studiet kvalifiserar til ein forskarkarrière, til dømes Doktorgradsprogrammet i kultur. Om ein har eit undervisningsfag i bachelorgraden sin, kan ein ved å ta PPU få lektorkompetanse. Kandidatane frå masterstudiet i Kulturstudier får òg jobb i offentleg administrasjon, i kultursektoren (offentleg og privat), på forlag, som jornalist osb.
Mål for studieprogrammet
- evne til å arbeide tverrfagleg og kritisk med kulturelle fenomen i fortid og nåtid
- teoretisk og empirisk, historisk og aktuell forståing av moderne kultur, forstått både som den breie kvardagskulturen og som folkekultur, finkultur og massekultur
- reiskapar til å analysere konfliktar og motsetningar i seinmoderne samfunn
- kjennskap til barne- & ungdomskultur
- kjennskap til moderne formidlingsformer og sosiale medier
- evne til å forstå og forvalte både kulturarven og kulturelle fenomen i ei global og mediert tid
- innsikt i kulturpolitikk, administrasjon og forvaltning av kunst- og kulturinstitusjonar
- høve til å utvikle eigne interesser og spesialisere deg i arbeidet med masteroppgåva
Læringsutbytte
Ved fullført studium skal studentane ha dette læringsutbytte:
Kunnskap og forståelse:
- Avansert kunnskap og innsikt i grunnlaget for kultur slikt det kjem til uttrykk i allmenn kulturteori
- Inngåande innsikt i sentrale fagtradisjonar inninnan humniora og fortolkande samfunnsvitskap som inngår i kulturstudiar-tradisjonen
- Forstå og setje eit avgrensa emne inn i ei tverrfagleg og overgripande samanheng
- Forstå relevant kulturfagleg metode og teori i arbeidet med masteroppgåva
- Analysere faglege problemstillingar innan kulturstudiar med utgangspunkt i fagområdet sine tradisjonar, eigenart og plass i samfunnet
Ferdigheter
- Evne til sjølvstendig og kritisk tenking
- Evne til å analysere teoriar, metodar og fortolkingar innan fagområde kulturstudiar
- Evne til å formidle om kulturfaglege tema ved hjelp av aksepterte terminologiar og teknikkar
- Evne til å strukturere og formulere faglege resonnement
- Evne til å arbeide sjølvstendig med praktisk og teoretisk problemøysing i samband med fagemna og masteroppgåva
- Evne til å gjennomføre eit sjølvstendig forskingsprosjekt under rettleiing av faglærar og i tråd med gjeldande forskingsetiske normer
Kompetanse:
- Analysere relevante fag-, yrkes- og forskingsetiske problemstillingar
- Bruke kunnskapar og ferdigheiter på nye område for å gjennomføre avanserte arbeidsoppgåver og prosjekt
- Formidle om kulturfaglege problemstillingar, analysar og konklusjonar båe med spesialistar og allmenta
- Formidle omfattande sjølvstendig arbeid og beherske uttrykksformene innan fagområdet
- Bidra med nytenking og nyskaping
- Ha medvit og respekt for perspektiv med eit anna nasjonalt og kulturelt opphav enn det norske
Studieprogrammets innhold, oppbygging og sammensetning
Emner
|
Studiet er elles sett saman av eit innføringsemne, eit metodekurs og to fordjupingsemne. Innføringsemnet (1. semester) er felles for alle og omfattar kulturteori, vitskapsteori og faghistorie. Metodekurset (1. semester) skal førebu studentane på arbeidet med masteroppgåva. Fordjupingsemna går i 2. og 4. semester og er tverrfaglege. Også masteroppgåva skal fortrinnsvis ha ein tverrfagleg karakter.
Kva for fordjupingsemne som blir tilbydde, er avhengig av den kompetansen og dei ressursane som til ei kvar tid finst, sjå oversynet nedanfor. Pensum vil til vanleg vere samansett av tekstar/kjelder i varierande omfang og faglitteratur på minimum 800 sider.
Forelesarane er aktive forskarar og eige forsking vil ofte trekkast inn i undervisninga.
Internasjonalisering
Institutt for kultur- og humanistiske fag har ei rekke utvekslingsavtaler med utanlandske institusjonar. Studentar som ønsker eit opphald i utlandet i løpet av masterstudiet, kan ta kontakt med instituttkonsulenten.
Arbeids- og læringsformer
Undervisninga skjer dels i form av forelesingar og dels i form av seminar. Det blir lagt vekt på dialog med studentane og at studentane er aktive både i forelesingane og i seminara.
Undervisninga i fordjupingsemna vil for det meste skje i seminarform, der fagpersonar med bakgrunn frå ulike fagtradisjonar og som er aktive forskarar, held innleiingsforelesingar om sine emne.
I særtilfelle kan studenten velje inntil to andre fordjupingsemne enn dei som er nemnde i studieplanen, særleg når emna er relevante for masteroppgåva. Emna - med innhald og pensumliste - må godkjennast av instituttet før semesterstart. Emne må falle innanfor fagfeltet "kulturstudiar", slik det er avgrensa i studieplanen, og det må finnast kompetanse i emna ved instituttet. Ein kan ikkje rekne med at det blir tilbydd særskild undervisning i slike emne. Eventuelt sjølvvalde emne skal alltid vurderast med munnleg eksamen.
Kvar student får normert rettleiing i arbeidet med masteroppgåva. Det bli halde eigne seminar i oppgåveskriving kvart semester. I oppgåveseminaret skal studentane presentere eigne tekstar og få tilbakemelding på dei av medstudentar og faglærar.
Undervisninga er ikkje obligatorisk, men faggruppa råder likevel studentane til å følgje undervisninga. Studentane blir også rådde til å samtale om pensum og faglege problem i kollokvier. Ein vil også legge forholda til rette for dei som vil vere deltidsstudentar.
Studentane må gjøre seg kjend med og rette seg etter opplysningane som høgskolen kvart semester gir om emneregistrering, oppmelding til eksamen, krav om pensummelding og innlevering av oppgåver.
Vurderingsformer
Vurdering av fordjupingsemna skjer ved prøveforelesning på 40- 45 minutt for det eine emnet, og ved munnleg eksamen for det andre emnet. Eksamensforma i det tredje fordjupingsemnet er valfri (munnleg eksamen eller prøveforelesning). Kandidatane bestemmer sjølve kva for eit fordjupingsemne deil vil prøveforelese i, men oppgåva blir gitt av instituttet. Kandidatane melder frå ved oppmeldinga til det einskilde emnet kva for vurderingsform dei ønskjer.
Det tas forbehold om mindre justeringer i planen.
Publisert av / forfatter Ellen Schrumpf <Ellen.SchrumpfSPAMFILTER@hit.no>,Eline Flesjø <eline.flesjoSPAMFILTER@hit.no>, sist oppdatert av Eline Flesjø - 06.05.2013