511 Norsk, årsstudium
Innledning
Norskstudiet gir eit oversyn over sentrale litterære og språklege emne med fordjuping i utvalde verk og emne.
Målgruppe og opptakskrav
Opptakskrav er generell studiekompetanse.
Studiet passar for alle med interesse for norsk språk og litteratur. Årsstudiet gir undervisningskompetanse i grunn- og vidaregåande skole, og kompetanse i å arbeide med språklege og litterære emne innan ulike yrke.
Mål for studieprogrammet
Studiet skal gi ei grunnleggande innføring i norsk og nordisk språk og litteratur frå mellomalderen til i dag i eit breitt kulturelt perspektiv. Det skal gi auka innsikt i korleis språk, litteratur og samfunn påverkar kvarandre gjensidig.
Dei fire emna som utgjer årsstudiet i norsk, sikrar breidde og innsikt i faget, gir kompetanse til å arbeide med språklege og litterære emne innan ulike yrke og kvalifiserer for undervisning i norsk i ulike skoleslag.
Læringsutbytte
Studiet skal
- gi ei djupare forståing av korleis norsk språk er bygd opp og korleis litteraturen har utvikla seg.
- gi kunnskap om og trening i å bruke passande metodar for litterær og språkleg analyse
- gi innsikt i språklege og litterære verkemiddel i ulike teksttypar
- føre til meistring av begge dei norske målformene.
Studieprogrammets innhold, oppbygging og sammensetning
Norsk årsstudium
|
Årsstudiet er delt i 4 eksamensemne, og kvart emne tel 15 studiepoeng. To emne har eksamen i desember, og dei to andre har eksamen i mai.
Internasjonalisering
Studiet har eit nordisk perspektiv ved at svensk og dansk litteratur inngår i pensum. Litteraturen har til alle tider hatt ein internasjonal dimensjon som vi legg vekt på å få fram. I språkstudiet får studentane innblikk i korleis nordiske språk er i slekt med kvarandre.
Arbeids- og læringsformer
Undervisningsformene er forelesingar, oppgåveløysing og seminar.
Vurderingsformer
Vurderingsformene er individuelle heimeoppgåver og skriftlege individuelle prøver i kvart emne (sjå dei einskilde emna). Det er lik fordeling mellom nynorsk- og bokmålseksamenar.
Det tas forbehold om mindre justeringer i planen.
Publisert av / forfatter Evy Beate Tveter <evy.b.tveterSPAMFILTER@hit.no>, sist oppdatert av Eline Flesjø - 19.02.2013