515 Norsk språk og samfunnskunnskap for utanlandske studentar
Målgruppe og opptakskrav
Studiet er eit tilbod til utanlandske studentar som planlegg vidare studium i Noreg.
Søkjaren må fylle dei allmenne opptakskrava ved ein høgskule / universitet, (generell studiekompetanse), der det inngår krav om engelskkunnskapar etter nærare retningsliner. Det blir ikkje kravd kunnskapar i norsk språk før opptak.
Mål for studieprogrammet
Studiet har som formål å gjeva studentane kunnskap og dugleik som trengst for å kunne studere ved norske høgskular og universitet. Det blir lagt særleg vekt på å gjeva studentane gode allmennkunnskapar i norsk språk. Studiet skal også gjera det lettare for studentane å finne seg til rette i det norske samfunnet.
Læringsutbytte
Studiet skal:
- dekkje norskkravet ved opptak til studium i Noreg
- gjera studenten i stand til å studere ved norske universitet og høgskular
- gjeva studenten kunnskap om det norske samfunnet
Studenten skal:
- kunne lesa og forstå tekstar på norsk i ulike sjangrar og forstå forelesingar på norsk og taka forelesingsnotat
- kunne skrive norsk utan store feil
- uttala norsk ganske korrekt og kunne føre samtaler om daglegdagse emne
Studieprogrammets innhold, oppbygging og sammensetning
Norsk språk og samfunnskunnskap for utanlandske studentar
|
Studiet er samla om to fagområde: norsk språk og norsk samfunnskunnskap. Under studiet skal ein sjå desse fagområda mest mogleg i samanheng. Hovudvekta blir lagd på norsk språk, særleg praktisk språkdugleik.
Internasjonalisering
Det er ikkje knytt utveksling med utanlandske utdanningsinstitusjonar til studiet.
Arbeids- og læringsformer
Forelesingar, gruppearbeid, øvingar og heimearbeid. Det er obligatorisk frammøte til undervisninga og alle prøver. Studentane må delta i minst 80% av all undervisning og organisert gruppearbeid og få godkjent minst 80% av alle innleveringsoppgåvene for å få lov til å gå opp til eksamen. Det er også obligatoriske ekskursjonar og vinterveke på fjellet. Studentane må kalkulere med ei utgift til dette på kr 1500 - 2000.
Forholdet mellom teori/praksis
Det er ikkje inkludert praksis i studiet.
Vurderingsformer
Studiet blir avslutta med ein skriftleg eksamen og ein munnleg eksamen der kvar eksamen tel likt. Ei semesteroppgåve må vera godkjend til påske. Alle eksamensdelane må vera bestått for å få bestått studium. Det blir gjeve ein samla karakter for fullført årsstudium.
Ved vurderinga av eksamensprøvene blir det brukt karakterskala frå A til F, der A er beste karakter og E er dårlegaste ståkarakter.
Det tas forbehold om mindre justeringer i planen.
Publisert av / forfatter Einar Gotehus <Einar.GotehusSPAMFILTER@hit.no>, sist oppdatert av Eline Flesjø - 16.05.2013