921 Tradisjonskunst, master

Innledning

I dette studiet kan du velje om du vil arbeide med folkemusikk eller folkekunst. Studenten skal få høve til å utforske tradisjonsbasert kunst eller musikk, gjennom eiga utøving og gjennom ulike teoretiske perspektiv. Studiet kvalifiserar for forskings- og utviklingsarbeid og kan gje grunnlag for opptak til doktorgradstudier. Du kan arbeide i kultursektoren, i media, kunst- og kulturinstitusjonar eller som utøvar innan folkemusikk og folkekunst/handverk.

Målgruppe og opptakskrav

For å bli teken opp på mastergradstudiet må studentane ha bachelorgrad med åtti studiepoeng folkekunst- eller folkemusikkutdanning i fagkrinsen. Ein kan også takast opp på masterstudiet med ein annan relevant bakgrunn, t.d. innan musikk eller formgjevingsfag. I slike tilfelle vil ein kunne krevje at studenten må setje seg inn i sentrale problemstillingar i tradisjonskunst, og for dei som ikkje kan vise til ei formell praktisk-estetisk kompetanse innan folkekunst eller folkemusikk, kan ein i heilt spesielle tilhøve ha ei særskild opptaksprøve.

Mål for studieprogrammet

Målet med mastergradsstudiet er å styrke både den utøvande og den teoretiske kompetansen:

  • Gjennom sjølvstendig utøving i tradisjonskunst skal studenten erfare korleis utøving er ei viktig kjelde til kunnskap. Studiet gjev studenten mulighet for å utvikle seg som utøvar, og resultatet av den utøvande delen vil ha stor betydning for vurdering av mastergradsprosjektet som heilskap.
  • Studiet skal gje studentane innsikt i tradisjonskunstens kulturelle kontekst. Dei skal lære å vurdere eigenarten i tradisjonskunst, og tenkje kritisk over korleis den blir teken vare på, fornya og tolka i ulike miljø.
  • Studenten skal også tileigne seg metodekompetanse som er nødvendig både i masterstudiet og vidare forskingsarbeid.

Læringsutbytte

Kunnskap

  • Kandidaten skal ha tileigna seg generell kunnskap om tradisjonskunsten og den kulturelle konteksten tradisjonskunsten er i og om det emnet innan tradisjonskunsten spesielt som studenten vel å utforske i masterprosjektet sitt.
  • Kandidaten skal ha tileigna seg kunnskap om metode og teori som er relevant for det enkelte prosjekt.
  • Kandidaten skal kunne analysere faglege problemstillingar med utgangspunkt i fagområdet si historie, tradisjonar, eigenart og plass i samfunnet og samtida.
  • Studenten skal ha tileigna seg kunnskap om eit konkret tradisjonsmateriale, kjelder og forskingshistorie som er relevante for det enkelte prosjekt.

Ferdigheter

  • Kandidaten skal ha tileigna seg ferdigheter i å utøve på høgt nivå.
  • Kandidaten skal kunne analysere eksisterande teoriar, metodar og tolkingar innan fagområdet sitt.
  • Kandidaten skal ha tileigna seg ferdighet i å orientere seg kritisk i feltet, arbeide praktisk og problematisere, kontekstualisere og grunngje den utøvande praksis.
  • Kandidaten skal ha tileigna seg ferdigheter i og å kunne bruke relevante metodar til å utvikle ein prosjektidé, ei problemstilling og ei plan, der estetisk praksis blir undersøkt i eit teoretisk perspektiv.

Kompetanse

  • Kandidaten skal ha tileigna seg generell kompetanse til å forstå eigen og andre sin estetiske praksis som ein del av ein større kulturell kontekst.
  • Kandidaten skal kunne analysere og evaluere relevante kunst- og kulturuttrykk innan sitt fagområde
  • Kandidaten skal ha tileigna seg generell kompetanse i å definere og organisere eit forskingsprosjekt.
  • Kandidaten skal kunne formidle omfattande sjølvstendig arbeid og bruke fagområdet sine omgrep og uttrykksformer.
  • Kandidaten skal kunne bidra til nytenking og fornying innan sitt fagområde

Studieprogrammets innhold, oppbygging og sammensetning


Obligaotrisk emne
Emnekode Emnets navn S.poeng O/V *) Studiepoeng pr. semester
  S1(H) S2(V) S3(H) S4(V)
30MASTFD Felles innføringsdel 30,00 O 30,0      
30MASTFP Forprosjekt 30,00 O   30,0    
60MASTPR Mastergradsprosjektet 60,00 O     30,0 30,0
Sum: 30,0 30,0 30,0 30,0
*) O - Obligatorisk emne, V - Valgbare emne

Det faglege innhaldet i mastergradsstudiet fell i to delar, den felles innføringsdelen og den individuelle praktisk-teoretiske delen: mastergradsprosjektet m. forprosjekt.

Den felles innføringsdelen:

Ein vil få ei felles innføring gjennom 3 hovudtema:

  • Tradisjon, kultur og identitet
  • Vitskapsteori og prosjektutvikling
  • Praktisk del

Desse vil i nokon grad gripe inn i og overlappe kvarandre.

Mastergradsprosjektet m. forprosjekt og prospekt

Studentane skal gjennomføre eit større prosjekt som inneheld ein utøvande del og ei skriftleg framstilling. Dei ulike komponentane som inngår i prosjektet kan vere av ulikt omfang, men det er eit krav at den utøvande og dei teoretiske delane utgjer ein heilskap. I arbeidet sitt kan studenten leggje tyngdepunktet ulikt, t.d på dokumentasjon, teori knytt til kunst, kultur, tradisjon, utøving eller formidling. Ein vil ikkje kunne få godkjent eit prosjekt der den utøvande sida ikkje er tydeleg til stades, eller eit prosjekt som ikkje har ein teoretisk drøftingsdel.

Arbeidet med mastergradsprosjektet startar opp allereie i første semesteret med forprosjektet. Dette omfattar fleire obligatoriske seminar med fokus på m.a. problemstilling, metode og gjennomføringsplan. Det avsluttande prospektet må vere godkjend før studenten i andre semester kan få klarsignal for emne og opplegg til det avsluttande mastergradsprosjektet.

På grunnlag av prospektet går studenten vidare med sjølve masterprosjektet sitt i tredje semester. Prosjektet består av eit utøvande arbeid og ein skriftleg del.

Internasjonalisering

Studenten kan ha opphald ved ein utanlandsk institusjon i delar av andre studieår, om dette er hensiktsmessig for masterprosjektet. Institutt for folkekultur har samarbeidsavtalar med ei rekke institusjonar i utlandet og kan hjelpe til med opphald også ved andre institusjoner.

Arbeids- og læringsformer

Den felles innføringsdelen:

Det vil bli førelesingar og seminar både med faste lærarar og gjesteførelesarar. Vanlegvis er undervisninga konsentrert til tirsdag, onsdag og torsdag. Nokre av undervisningsøktene kvart semester blir fagseminar som også inneheld praktisk utøvande workshops. Det vil bli gjeve oppgåver og informasjon undervegs.

Forprosjektet og mastergradsprosjektet:

Forprosjektet og arbeidet med mastergradsprosjektet er organisert som seminarundervisning, og studentane får individuell rettleiing. Arbeidet med forprosjektet er lagt opp som ein prosess der ein førebur seg til mastergradsprosjektet.

Forholdet mellom teori/praksis

Masterstudiet i tradisjonskunst tek utgangspunkt i studenten sin utøvande praksis. Gjennom studiet av eit relevant tradisjonsmateriale og ei teoretisk drøfting skal studenten sette sin utøvande praksis inn i ein større kulturell kontekst. Eit vellykka masterprosjekt har ei god integrering av teori og praksis.

Vurderingsformer

Masterstudiet i tradisjonskunst gjev 120 stp. I den felles innføringsdelen (30stp) er det to obligatoriske skriftlege innleveringar, ein midt i og ein ved slutten av første semesteret. Den første innleveringa får karakteren "bestått" eller "ikkje bestått", den andre innleveringa bokstavkarakter.

Forprosjektet omfattar fleire obligatoriske seminar med eit avsluttande prospekt i løpet av andre semester. Aktiv seminardeltaking, 3 presentasjonar og godkjent prospekt i 2. semester utgjer 30 stp. Det vil bli gjeve karakteren ”bestått” eller ”ikkje bestått”. Prospektet skal vere godkjent før ein kan gå vidare med mastergradsprosjektet.

Mastergradsprosjektet (60 stp) har ein todelt eksamen, ein kombinasjon av praktisk utøving og skriftleg avhandling. Ein får difor to komponentar å vurdere:

1) Utøvande del. Denne delen kan framførast levande eller dokumenterast med t.d. kommenterte video, DVD, lydopptak, bilete, utstillingar og konsertar mm.

2) Skriftleg avhandling.

Det er mogleg å vekte den utøvande delen og den teoretiske delen ulikt. Om det er ei oppgåve med eit utøvande siktemål, vil utøvinga ha størst vekting ved karaktersetjinga, og motsatt, om det teoretiske perspektivet har størst verdi for oppgåva sin heilskap. Det er likevel viktig for vurderinga at den praktiske og teoretiske komponenten i prosjektet utgjer ein heilskap.

Mastergradsprosjektet skal avsluttast med ein munnleg eksamen, der studenten blir eksaminert i både dei utøvande og dei teoretiske komponentane og i samanhengen mellom desse.

Den munnlege eksamen kan verke inn på karakteren. På grunnlag av vurderinga av utøvande del og skriftleg del i mastergradsprosjektet, og resultatet frå munnleg eksamen, vil samla karakter for mastergradsprosjektet bli fastsett av sensor.

På vitnemålet for mastergradsstudiet vil det vere ein hovudkarakter som er samansett av fleire delkarakterar:

  • Skriftleg eksamen i felles innføringsdel – karakteren tel 25% av hovudkarakter
  • Forprosjekt – bestått / ikkje bestått
  • Mastergradsprosjekt – karakteren tel 75% av hovudkarakter

Munnleg eksamen – ingen karakter (vert ikkje ført på vitnemålet).

Tittel på mastergradsprosjektet vert ført på vitnemålet.

Det blir gjeve karakterar etter karakterskalaen frå A til F (A-E er bestått karakter, F er ikkje bestått). Kvart delemne må vere bestått for at hovudemnet skal vere bestått. Ein viser dessutan til forskrift om eksamen ved Høgskolen i Telemark.


Det tas forbehold om mindre justeringer i planen.

Publisert av / forfatter bodil akselvoll <Bodil.AkselvollSPAMFILTER@hit.no>, sist oppdatert av Bodil Akselvoll - 26.03.2013