HIS-1 Noreg etter 1800 3505N
Læringsutbytte
Emnet skal gje dette læringsutbyttet:
Kunnskap og forståing:
- Godt oversyn over hovudtrekka i noregshistoria etter ca. 1800.
- Brei kunnskap om viktige historiske hendingar i perioden, og bakgrunnen for dei.
- Forståing av metodar som vert bruka innafor ulike felt av historiefaget.
- Forståing for korleis historisk kunnskap blir bygt opp.
Dugleik:
- Evne til å kritisere, kommentere eller redigere tekstar og dokument ut frå historiefagets allmenne reglar for kritikk.
- Evne til kritisk å analysere historiske data, kjelder og litteratur, og til å trekkje sjølvstendige konklusjonar frå slikt materiale.
- Evne til å organisere kompleks historisk informasjon på logisk konsekvent måte.
- Ha kjennskap til informasjons- og søkjeverkty.
Kompetanse:
- Formidle fagleg innhald både munnleg og skriftleg.
- Kunne arbeide sjølvstendig med ei gjeven problemstilling.
- Ha evne til å setje seg inn i nye problemområde og analysere emne frå fleire sider.
- Ha medvit om og respekt for perspektiv som har ulike nasjonale og kulturelle opphav.
- Ha kritisk medvit om relasjonane mellom fortida og samtidige hendingar og prosessar
Innhold
Tyngdepunkt i emnet er
- Det nære forløpet til 1814
- 1814
- Folkevekst og samfunnsendring
- Forfatningskonflikt og parlamentarisme
- Nasjonal integrasjon
- Unionsoppløysinga
- Noreg blir eit industriland
- Konfliktar og kriser i mellomkrigstida
- Noreg under andre verdskrigen
- Noreg under den sosialdemokratiske orden etter 1945
- Høgrebølgje og gjennomslag for liberalisme og marknadstenking
Emnet er forskingsbasert i og med at det til vanleg er aktive forskarar som underviser. Faglæraranes eiga forsking kan i nokre høve trekkjast direkte inn i undervisninga.
Emnet er ein del av årsstudiet i historie, samlings- og nettbasert (sjå eigen plan for dette).
Arbeids- og læringsformer
Studieopplegget inneheld tre hovudkomponentar i tillegg til sjølvstendig pensumlesing:
1) Samlinger med forelesinger – ei i byrjinga og ei i slutten av semesteret, til vanleg kvar på to dagar (oftast fredag og laurdag). Sanntidsforelesinger over nett kan også verte nytta.
2) E-lærings verkty vert nytta til utlegging av materiale, inkludert oppgåvetekst til obligatoriske oppgåver, og til alle innleveringer. Lydfiler med faglege forelesinger/studiosamtaler vert lagt ut jamleg. Om anna materiale vert lagt ut, slik som presentasjonar, tekstsamandrag, lenker og ikkje-obligatoriske oppgåver, vil dette skje meir sporadisk.
3) Jamlege gruppesamtalar til faste tider over nettet. Anna direkte kontakt mellom lærarar og studentar skjer pr. e-post eller ordinær telefon. Det vil også verte lagt til rette for fagleg diskusjon og gruppearbeid over nettet
Vurderingsformer
Vurderinga består av
- ei undervegsprøve/innleveringsoppgåve som vert vurdert til Bestått eller Ikkje bestått
- ei skriftleg sluttprøve på 4 timar
Undervegsprøva må vere bestått for at studenten får gå opp til sluttprøva. Studentar som ikkje består undervegsprøva på fyrste forsøk får éin sjanse til.
Karakterskalaen: bokstavskala på fem trinn frå A til E for bestått og F for ikkje bestått
Det tas forbehold om mindre justeringer i planen.
Publisert av / forfatter Jens Johan Hyvik <jens.j.hyvikSPAMFILTER@hit.no>, sist oppdatert av Eline Flesjø - 20.12.2013