HIS-1 Noreg før 1800 3504N

Læringsutbytte

Emnet skal gje dette læringsutbyttet:

  • Kunnskap og forståing:
  • Godt oversyn over hovudtrekka i noregshistoria før ca. 1800.
  • Brei kunnskap om viktige historiske hendinger i perioden, og bakgrunnen for dei.
  • Forståing av metoder som vert nytta innanfor ulike felt av historiefaget.
  • Forståing av korleis historisk kunnskap vert oppbygd.

Dugleik ein skal oppnå:

  • Å kunne kritisere, kommentere eller redigere tekstar og dokument etter historiefagets allmenne reglar for kritikk.
  • Å kunne analysere historiske data, kjelder og litteratur, og å kunne trekkje selvstendige konklusjonar frå slikt materiale.
  • Å kunne organisere kompleks historisk informasjon på logisk konsekvent vis.
  • Å meistra verktøy for informasjon og søking.

Kompetanse:

  • Formidle fagleg innhald både munleg og skriftleg.
  • Kunne arbeide sjølvstendig med ein gjeven problemstilling.
  • Kunne sette seg inn i nye problemområde og analysere emne frå fleire sider.
  • Ha medvit om og respekt for perspektiv som har ulike nasjonale og kulturelle opphav.
  • Ha kritisk medvit om relasjonane mellom fortida og samtidige hendingar og prosessar

Innhold

Tyngdepunkt i emnet er

  • Land og folk frå istid til vikingtid
  • Rikssamling og kristning
  • Kongemakt og kyrkjemakt i høgmellomalderen
  • Mellomaldersamfunnet
  • Pest og krise
  • Kalmarunionen og striden om den
  • Reformasjon, rettsutvikling og kulturutvikling
  • Kampen om herredømet i Norden
  • Næringsliv og samfunnsgrupper i tidleg nytid
  • Statsmakta og undersåttane
  • Frå adelsvelde til einevelde
  • Noreg i den dansk-norske heilstaten.

Emnet er basert på forsking i og med at dei som undervis normalt er aktive forskarar. Kjeldemateriale frå læraren si forsking kan verta nytta som eksempel i forelesinger eller i øvingsoppgåver.

Emnet er ein del av årsstudiet i historie (se eigen plan for dette). Det er meininga at ein tek det saman med emna 3502 og 3503, kvart på 10 studiepoeng. Desse tre emna lyt komme først i årsstudiet, men det er også mogleg å byrje årsstudiet om våren, med 30 studiepoeng i norsk historie (emna 3504, 3505 og 3506).

Arbeids- og læringsformer

Studieopplegget inneheld tre hovudkomponentar i tillegg til sjølvstendig pensumlesing:

1) Samlinger med forelesinger – ei i byrjinga og ei i slutten av semesteret, til vanleg kvar på to dagar (oftast fredag og laurdag). Sanntidsforelesinger over nett kan også verte nytta.

2) E-lærings verkty vert nytta til utlegging av materiale, inkludert oppgåvetekst til obligatoriske oppgåver, og til alle innleveringer. Lydfiler med faglege forelesinger/studiosamtaler vert lagt ut jamleg. Om anna materiale vert lagt ut, slik som presentasjonar, tekstsamandrag, lenker og ikkje-obligatoriske oppgåver, vil dette skje meir sporadisk.

3) Jamlege gruppesamtalar til faste tider over nettet. Anna direkte kontakt mellom lærarar og studentar skjer pr. e-post eller ordinær telefon. Det vil også verte lagt til rette for fagleg diskusjon og gruppearbeid over nettet.

Vurderingsformer

Vurderinga består av

  • ei undervegsprøve/innleveringsoppgåve som vert vurdert til Bestått eller Ikkje bestått
  • ei skriftleg sluttprøve på 4 timar

Undervegsprøva må vere bestått for at studenten får gå opp til sluttprøva. Studentar som ikkje består undervegsprøva på fyrste forsøk får éin sjanse til.

Karakterskalaen: bokstavskala på fem trinn frå A til E for bestått og F for ikkje bestått

Det tas forbehold om mindre justeringer i planen.

Publisert av / forfatter Eline Flesjø <Eline.FlesjoSPAMFILTER@hit.no> - 20.12.2013