HIS-2 Norden etter 1740: fellesskap og fragmentering 3514

Læringsutbytte

Emnet skal gje dette læringsutbyttet:

Kunnskap og forståing:

  • Kunnskap om nordisk politisk kultur og nasjonalisme i perioden ca 1740-1914.
  • Forståing av kva som særpregar nordisk politisk kultur og nasjonalisme av korleis og kvifor særdraga har utvikla seg.
  • Forståing av prosessar som har virka for og mot nordisk fellesskap i perioden.
  • Forståing av metodar som vert nytta innafor historiefaget og tilhøvet mellom kjeldegrunnlag og historiske framstillingar og hypotesar. Kjennskap til komparativ metode.
  • Forståing for historisk forskingsdebatt.

Dugleik:

  • Evne til å kritisere, kommentere eller redigere tekstar og dokument ut frå historiefagets allmenne reglar for kritikk
  • Evne til å kommunisere munnleg om faget ved hjelp av dei aksepterte terminologiane og teknikkane i det.
  • Evne til å formulere historiefagleg fruktbare problemstillingar.
  • Evne til kritisk å analysere historiske data, kjelder og litteratur, og til å trekkje sjølvstendige konklusjonar frå slikt materiale.
  • Evne til å organisere kompleks historisk informasjon på logisk konsekvent måte.
  • Ha kjennskap til og kunne nytte informasjons- og søkjeverkty som bibliografisk materiale, arkivmateriale, elektroniske referansar.

Kompetanse:

  • Formidle avansert fagleg innhald både munnleg og skriftleg.
  • Kunne arbeide sjølvstendig med en gjeven eller eigenformulert problemstilling.
  • Ha evne til å setje seg inn i nye problemområde og analysere emne frå fleire sider.
  • Kunne utveksle synspunkt på historiske emne og grunngje faglege standpunkt.
  • Ha kritisk medvit om relasjonane mellom fortida og samtidige hendingar og prosessar.

Innhold

Tyngdepunkt i emnet er

  • Politisk kultur og nasjonalisme i ein europeisk kontekst
  • Monarkia si krise og fornying.
  • Forvandlinga av den politiske debatten.
  • Kvinneleg og mannleg som politiske dimensjonar.
  • Politisk deltaking – endringar i form og omfang.
  • Utviklinga av nasjonale identitetar og nasjonalisme i Norden.
  • Skandinavisme og skandinavisk samarbeid.

Emnet er forskingsbasert i og med at det til vanleg er aktive forskarar som underviser og som trekkjer inn eigne erfaringar der det er relevant. Under ekskursjonen knytt til emnet (sjå under) vil studentane også kome i direkte kontakt med aktive forskarar.

Emnet er ein del av påbyggingsstudiet i nordisk historie (sjå eigen plan for dette). Det er berekna å takast saman med eit oversynsemne (3508) og eit anna fordjupingsemne, kvart på 10 studiepoeng. Emnet 3508 gjev bakgrunnskunnskapar og metodisk basis for fordjupingsemnet 3514, og bør difor alltid takast saman med eller før dette. Det kan variere frå år til år om 3514 blir tilbode og om det blir tilbode i vår- eller haustsemesteret.

Arbeids- og læringsformer

Undervisinga blir gjeve som seminar eller forelesingar, og vil vere delvis samlingsbasert. E-verkty vil verte nytta. Undervising som blir gjeve i form av seminar krev aktiv deltaking frå studentane. For at ein skal nå læringsutbyttet, er det naudsynt at studentane har førebudd seg grundig til undervisinga.

I tillegg til undervisinga på høgskolen tilbyr vi dei som tek kurs i nordisk historie i løpet av studieåret ein ekskursjon på 4-7 dager til eit anna nordisk land enn Norge. Ekskursjonen vert som regel arrangert i oktober. Ekskursjonen er til vanleg sterkt subsidiert, men studentane vil måtte dekkje ein del av sine eigne utgifter.

Dersom delar av undervisinga er obligatorisk, eller det vert fastsett obligatoriske arbeidskrav, vil dette gå fram av planen for det enkelte semesteret.

Vurderingsformer

Vurderinga består av hjemmeeksamen eller skriftleg skoleeksamen mot slutten av semesteret.

Ved eksamen skal studentane få prøvd både sine kunnskapar om og forståing av den historiske utviklinga, si evne til analytisk og kritisk tenking, jf. punkta om læringsutbytte over.

Det blir gjeve karakter etter ein femtrinns bokstavskala frå A til E for stått og F for ikkje stått.

Det tas forbehold om mindre justeringer i planen.

Det tas forbehold om mindre justeringer i planen.

Publisert av / forfatter Jens Johan Hyvik <jens.j.hyvikSPAMFILTER@hit.no>, sist oppdatert av Ian Hector Harkness - 30.01.2014