Barndom og modernitet 2587

Læringsutbytte

Kunnskaper

Kandidaten:

  • har avansert kunnskap om perspektiv og nyare teoriar i studiet av barn og barndom i fortid og nåtid
  • har inngåande kunnskap om dei realhistoriske forholda barn har levd under og om idéhistoriske endringar i synet på barn og barndom frå romantikken og opplysningstida til vår tid
  • har inngåande kunnskap om korleis barn og barndom representerast i historie og filosofi, i bildekunst, skjønnlitteratur, i media og samtidskulturen

Ferdigheter

Kandidaten kan:

  • kritisk analysere eksisterande teoriar knytt til barndom, samfunn og modernitet
  • anvende relevant teoriar og metodar på et sjølvstendig grunnlag, i forhold til analyse av relevante problemstillingar i tilknyting til korleis relasjonen mellom barn, barndom, familie, skule og samfunn har vore forstått og realisert i fortid nåtid
  • på et sjølvstendig grunnlag analysere og forholda seg kritisk til omgrepa barn, barndom og modernitet

Generell kompetanse

Kandidaten:

  • skal kunne analysere relevante kulturelle og samfunnsmessige prosesser knyta til samanhengen mellom barn, barndom, samfunnsinstitusjonar og historisk endring
  • skal kunne på en kritisk og sjølvstendig måte gjennomføre prosjekter og arbeidsoppgåver knyta til barn og barndom i eit nåtidig og historisk perspektiv
  • skal kunne formidle omfattande sjølvstendig arbeid om barndom og historiske og kulturelle endringar
  • kan i en tverrfaglig samanheng kommunisere om faglige problemstillingar, analyser og konklusjonar i forhold til barn, barndom og modernitet.

Innhold

Tematikken i dette emnet er ulike oppfatningar av barn og barndom i norsk og europeisk kultur slik dei kjem til uttrykk

  • i samanhengen mellom norsk historie og samfunnsmessige endringar
  • i europeisk kultur generelt, særleg i dei idéhistoriske tradisjonane frå romantikken og opplysningtida
  • i historie og filosofi, bildekunst og skjønnlitteraturen
  • i media og samtidskulturen

Arbeids- og læringsformer

Undervisningsforma i fordjupingsemnet er seminar, med 3 timar pr veke. Seminarforma føreset aktiv deltaking frå studentane i form av førebudde innlegg og deltaking i diskusjonen. Undervisninga er ikkje obligatorisk, men faglærar råder studentene til å følgje seminaret, Undervisninga går i vårsemesteret.

Vurderingsformer

Sluttvurdering av fordjupingsemnet skjer ved prøveforelesing på 40 - 45 minutt eller ved munnleg eksamen. Kandidatane bestemmer sjølve om dei vil prøveforelese eller ha munnleg eksamen, men dei skal prøveforelese i det eine fordjupingsemnet og ha munnleg eksamen i det andre. Oppgåva til prøveforelesinga blir oppgitt av instituttet. Kandidatane melder frå ved oppmeldinga til det einskilde emnet kva for evalueringsform dei ønskjer.

Det tas forbehold om mindre justeringer i planen.

Publisert av / forfatter Ellen Schrumpf <Ellen.SchrumpfSPAMFILTER@hit.no>, sist oppdatert av Eline Flesjø - 09.01.2015