Fantastisk litteratur 2115

Læringsutbytte

Kunnskap om fantastisk litteratur, særleg norsk og nordisk, på historisk bakgrunn. Kunnskap om teori på området.

Ferdigheit i å skrive resonnerande og argumenterande om fantastisk litteratur.

Kompetanse i å gi opplæring til andre - særleg elevar - om fantastisk litteratur.

Innhold

Studentane skal lese eit utval verk og tekstar frå mellomalderen til nyare tid, som representerer ulike former for fantastisk dikting i Norden og Storbritannia, og dessutan eit utval teoretisk litteratur i tilknyting til emnet.

Arbeids- og læringsformer

Forelesingar konsentrert til om lag ei helg i månaden (fredag og laurdag), som også blir tatt opp og lagt ut i Fronter, og om lag 3 enkeltseminar som ikkje blir tatt opp. Emnet går inn i bachelorgraden i språk og litteratur med fordjuping i norsk.

Vurderingsformer

Individuell skriftleg heimeoppgåve på ca. 4000 ord, som tel 40 %, og 5-timars skriftleg sluttprøve, som tel 60 %. Begge prøvene blir vurdert etter ein karakterskala frå A til F, der E er lågaste ståkarakter og F er ikkje bestått. Begge prøvene må vere bestått for å få emnet godkjent.

Det tas forbehold om mindre justeringer i planen.

Publisert av / forfatter Sigrid A. Stykket <sigrid.a.stykketSPAMFILTER@hit.no>, sist oppdatert av Sigrid Aksnes Stykket - 14.10.2014