HIS-2 Norden 1500-1800: Politisk kultur og sosial kontroll 3509
Læringsutbytte
Emnet skal gje dette læringsutbyttet:
Kunnskap og forståing:
- Kunnskap om dei ulike nordiske statssystema i tidleg nytid og forskjellane mellom dei.
- Kunnskap om politisk kultur og sosial kontroll i dei nordiske landa i tidleg nytid og utviklinga av desse.
- Forståing for korleis dei ulike nordiske landa sine statssystem blir spegla i dei respektive landa sin politiske kultur og sosiale kontroll.
- Forståing av metodar som nyttast innanfor historiefaget og tilhøvet mellom kjeldegrunnlag og historiske framstillinger og hypotesar. Kjennskap til komparativ metode.
- Forståing for historisk forskningsdebatt.
Dugleik:
- Evne til å kritisere, kommentere eller redigere tekstar og dokument i samsvar med historiefaget sine allmenne reglar for kritikk.
- Evne til å kommunisere munnleg om faget ved hjelp av aksepterte terminologiar og teknikkar i faget.
- Evne til å formulere historiefagleg fruktbare problemstillinger.
- Evne til kritisk å analysere historiske data, kjelder og litteratur, og til å dra sjølvstendige konklusjonar frå slikt materiale.
- Evne til å organisere kompleks historisk informasjon på logisk konsekvent måte.
- Ha kjennskap til og kunne nytte informasjons- og søkjeverktøy som bibliografisk materiale, arkivmateriale, elektroniske referansar.
Kompetanse:
- Formidle avansert fagleg innhald både munnleg og skriftleg.
- Kunne arbeide sjølvstendig med ei gjeven eller eigenformulert problemstilling.
- Ha evne til å setje seg inn i nye problemområde og analysere emne frå fleire sider.
- Kunne utveksle synspunkt på historiske emne og grunngje faglege standpunkt.
- Ha kritisk medvit om relasjonane mellom fortida og samtidige hendingar og prosessar.
Innhold
Tyngdepunkt i emnet er:
- Statssystema i dei ulike nordiske landa i tidleg nytid og samanlikning mellom desse.
- Den politiske kulturen som omfattar deltaking, ytringsformer, avgjerdsprosessar og avgjerdsprinsipp. Særleg vil det bli fokusert på bondestanden sin anledning til å påverke og bli høyrt gjennom ulike administrative og politiske kanalar. Endringar og samanlikning mellom dei nordiske landa vil bli særleg lagt vekt på.
- Retts- og domstolsystemet i dei ulike nordiske landa i tidleg nytid og samanlikning mellom desse.
- Den offisielle kontrollen og den uoffisielle disiplineringa av folket, og korleis konfliktar, normer og lovbrot blei handsama, fyrst og fremst slik det kjem til uttrykk i domstolane og rettsmaterialet. Endringar og samanlikning mellom dei nordiske landa vil bli særleg lagt vekt på.
- Einskildmennesket som historisk aktør i relasjon til styresmaktene og til kvarandre.
Emnet er forskningsbasert i og med at det til vanleg er aktive forskarar som underviser og som trekkjer inn eigne erfaringar der det er relevant.
Arbeids- og læringsformer
Undervisinga vert gjeve som seminar eller forelesingar, og vil vere delvis samlingsbasert. E-verkty vil verte nytta. Mesteparten av den undervisinga som vert gjeve vil det gjerast opptak av, slik at dei som ikkje kan følgje ho i sanntid, kan gjennomgå opptaka i ettertid. Undervising som blir gjeve i form av seminar krev aktiv deltaking frå studentane. For at ein skal nå læringsutbyttet, er det naudsynt at studentane har førebudd seg grundig til undervisinga.
I tillegg til undervisinga på høgskolen tilbyr vi dei som tek kurs i nordisk historie i løpet av studieåret ein ekskursjon på 4-7 dager til eit anna nordisk land enn Norge. I dei studieåra der 3509 vert tilbode, vil ekskursjonen alltid vere relevant for 3509-emnet. Ekskursjonen vert som regel arrangert i oktober. Ekskursjonen er til vanleg sterkt subsidiert, men studentane vil måtte dekkje en del av sine eigne utgifter.
Dersom delar av undervisinga er obligatorisk, eller det vert fastsett obligatoriske arbeidskrav, vil dette gå fram av planen for det enkelte semesteret.
Vurderingsformer
Vurderinga består av ein seks timars skriftleg skoleeksamen mot slutten av semesteret.Eksamensforma er vald for at studentane skal få prøvd både sine kunnskapar om og forståing av den historiske utviklinga, si evne til analytisk og kritisk tenking, og si evne til munnleg og skriftleg formidling, jf. punkta om læringsutbytte over.Det vert gjeve karakter etter ein femtrinns bokstavskala frå A til E for stått og F for ikkje stått.
Stikkord: e-læring, nettundervisning, nettstudium, digitale ressurser, heltid, deltid, fleksible studier, etterutdanning
Vi tek atterhald om justeringar i planen.
Det tas forbehold om mindre justeringer i planen.
Publisert av / forfatter Eline Flesjø <Eline.FlesjoSPAMFILTER@hit.no>,Kai Østberg <kai.ostbergSPAMFILTER@hit.no>, sist oppdatert av Kai Peter Østberg - 09.10.2014