Norsk 2: 1-7, nett, modul 2. Lese- og skriveopplæring og samansette tekstar i nordisk perspektiv. NORVU104

Læringsutbytte

Kunnskapar

Studenten har:

- kunnskap om teoriar knytt til den andre lese- og skriveopplæringa

- kunnskap om skriftlege sjangrar og korleis elevar frå første til sjuande trinn utviklar kunnskapar om desse

- kunnskap om nordisk barne- og ungdomslitteratur og samansette tekstar

- kunnskap om retorikken som tolkingsverktøy og som teoretisk grunnlag for utvikling av munnleg kompetanse

Dugleikar

Studenten kan:

- organisere og drive tilpassa lese- og skriveopplæring for første til sjuande trinn etter faglege grunngitte prinsipp

- bruke og vurdere ulike prøver i lesing og skriving, og nytte resultatet av ulike lese- og skriveprøver til fagleg utvikling for eleven

- lese, analysere, tolke og vurdere samansette tekstar på eit teoretisk grunnlag

- analysere kva som skjer når ein tekst blir overført frå eit medium til eit anna

- vurdere eigen praksis som norsklærar og grunngje vurderingane

Innhold

I denne modulen vil du få djupare forskingsbasert innsikt i teoriar om lesing og skriving retta mot den andre lese- og skriveopplæringa. Det fleirkulturelle aspektet med norsk som andrespråk inngår i emnet.

Studenten vil og få innsikt i nordisk barne- og ungdomslitteraturforsking. Film og barnelitteratur utmerkjer seg som ein av dei naturlege møtestadene for dei nordiske språka. Denne modulen vil innehalde ei komparativ tilnærming til ulike nordiske barnelitterære tekstar, både skriftlege og samansette. Modulen vil rette fokus mot arbeid med samansette tekstar i fleire sjangrar, som eksempelvis nettsider for barn. Adaptasjon frå barnelitteratur til film vil inngå i emnet.

Munnleg arbeid i klasserommet står sentralt i norskfaget. I denne modulen vil munnlege sjangrar som den filosofiske og den litterære samtalen bli lagt vekt på. Retorikken inneheld omgrep til å skape og vurdere munnlege tekstar, samtidig som den gjev oss verktøy til å analysere både læreboktekstar, skjønnlitterære tekstar og samansette tekstuttrykk.

Norskstudiet skal byggje på forskingsbasert kunnskap, samtidig som vi stiller krav til studenten om å skrive oppgåver etter vitskapsteoretiske og metodiske prinsipp.

Arbeids- og læringsformer

Arbeidet i studiet vil bli organisert som førelesingar, seminar, munnlege framlegg, rettleiing i grupper, individuelt skrivearbeid og individuell rettleiing. I norskfaget er det viktig at morsmålslæraren har tileigna seg munnleg kompetanse i norsk. Teori om retorikk og munnlege sjangrar står sentralt i emnestudiet og skal knyttast til studenten sin munnlege praksis. For studenten blir det viktig å reflektere over eigen progresjon knytt til det fastsette læringsutbyttet for faget.

Semesterplanen som du får utdelt i byrjinga av kvart semester, er eit bindande dokument som presiserer innhald, kva som er obligatorisk og den praktiske gjennomføringa av semesteret.

I løpet av studieåret vil du få norskfaglege oppgåver knytt til praksis.

Vurderingsformer

Du vil møte to former for vurdering i emnestudiet - undervegsvurdering og sluttvurdering.

Undervegsvurderinga i denne modulen består av ein skriftleg innlevering, og eit munnleg framlegg. Den skriftlege teksten i denne modulen skal vere på bokmål. Desse to oppgåvene, både den munnlege og den skriftlege, må du passere for å kunne bli meldt opp til eksamen og få ei sluttvurdering. Oppgåvene blir vurdert til bestått/ ikkje bestått.

Sluttvurderinga etter modul 104 er ei skriftleg heimeoppgåve i språkleg eller litterær fordjuping - valfri målform, og ein individuell munnleg eksamen. Nærare presisering blir gitt ved studiestart. Eksamenen blir vurdert med ein karakter på vitnemålet gradert frå A til F, der A er beste og E er lågaste ståkarakter.

Det kan bli mindre endringar i planen.

Det tas forbehold om mindre justeringer i planen.

Publisert av / forfatter Unni Mette Solberg <unni.solbergSPAMFILTER@hit.no> - 24.01.2015