Gender and Culture in an International Perspective 2560

Læringsutbytte

Kunnskapar

Kandidaten har:

  • Inngåande kunnskap om historia til omgrep på kjønns- og genusfeltet
  • Inngåande kunnskap om dei ulike genusregima på globalt nivå
  • Inngåande kunnskap om forholdet mellom genus og seksualitet, og
  • Inngåande kunnskap om framveksten av moderne, vestleg homoseksualitet og kva rolle genus har spelt i den

Dugleikar

Kandidaten kan:

  • Gjere greie for skilnaden mellom essensialistiske og konstruktivistiske syn på kjønn, genus, og seksualitet
  • Forklare samanhengen mellom sosial organisering og dei ulike kjønns- og genussystema
  • Analysere den sosiale funksjonen til ulike genussystem

Generell kompetanse

Kandidaten skal:

  • Kunne forklare for eit vitskapleg og allmenninteressert publikum kva genus er, og korleis omgrepet har oppstått
  • Forstå på kva punkt etiske vurderingar er relevante for diskusjonar av kjønn, genus, og seksualitet, og på kva punkt dei ikkje er det
  • Vere i stand til å begynne på eit sjølvstendig forskingsarbeid med genus som tema
  • Ha forståing for ulike genussystem som verdifulle element i det store mangfaldet av menneskelege kulturuttrykk

Innhold

Emnet gir ei brei innføring i forholdet mellom genus og kjønn, og genus og seksualitet. Mens kjønn og seksualitet oftast blir oppfatta som uttrykk for biologiske prosessar og individuelt, akulturelt begjær, er ‘genus’ blitt ståande som samleomgrep for dei klart kulturelle aspekta ved kjønn og seksualitet. Denne inndelinga er ikkje uproblematisk, og ho krev at vi tek opp omgrepshistoria til genus her.

Globalt finst det få kjønnssystem, men mange genussystem. Emnet gir ein komparativ analyse av desse. Vi ser på kva samfunnsmessige og historiske faktorar som har framprovosert dei ulike genussystema. Vi legg særleg vekt på den grunnleggjande skilnaden mellom dei amerikanske genussystema på den eine sida, og de euroasiatiske på den andre sida.

Eit tredje sentralt tema er forholdet mellom genus og samkjønna seksualitet. Vi ser på ulike variantar av samkjønna seksualitet i førindustrielle samfunn, og på framveksten av den moderne vestlege homoseksualiteten som eit eige uttrykk innanfor det store spekteret med samkjønna seksualitetar. Den moderne homoseksualiteten er interessant nettopp fordi han voks fram på grunnlag av genusinversjon. Sidan er genusinversjonsmodellen blitt problematisk, og er blitt svekt både som forklaringsmodell og som estetisk stil.

Til slutt aktualiserer temaet genus ein grunnleggjande diskusjon av essensialistiske kontra konstruktivistiske syn på maskulinitet og femininitet, og på seksualiteten.

Arbeids- og læringsformer

Førelesingar, seminar, og studentpresentasjonar. Emnet inkluderer ein valfri studietur til Mexico som studentane er sterkt rådde til å vere med på.

Undervisninga på emnet vil føregå på engelsk.

Vurderingsformer

  • Munnleg eksamen, anten ei prøveførelesing eller munnleg eksamen, gradert karakter

Det tas forbehold om mindre justeringer i planen.

Publisert av / forfatter Kristin Midtbø <kristin.midtboSPAMFILTER@hit.no>, sist oppdatert av Ralph Ingemar Stålberg - 19.05.2016