Grammatikk og pragmatikk (samlings- og nettbasert) 2119

Læringsutbytte

Etter å ha studert emnet skal studentane kunne

  • gjere greie for viktige trekk ved moderne norsk grammatikk, spesielt morfologi og syntaks
  • gjere greie for viktige tema innanfor pragmatikk og tekstlingvistikk
  • bruke kunnskapane til å analysere språkleg materiale, t.d. i grammatisk og tekstleg analyse
  • sjå norsk språkstruktur frå eit andrespråksperspektiv og analysere mellomspråkstekstar
  • drøfte ulike synsmåtar og analysemåtar i tilknytning til temaa i emnet
  • trekkje liner mellom dei ulike temaa i emnet
  • skrive bokmål og nynorsk korrekt og godt

Innhold

Studiet skal gje kunnskap om norsk språkstruktur, lydlære, formlære og setningslære og om språket brukt som kommunikasjonsmiddel (pragmatikk/ språkbruksanalyse). Ein vil presentere ulike teoretiske innfallsvinklar og metodar i arbeidet med grammatisk analyse. Studenten skal òg kunne vurdere tekstar av andrespråksbrukarar og vere medveten om ulike trekk frå mellomspråk.

Arbeids- og læringsformer

Annakvart vårsemester. To helgesamlingar à to dagar, nettførelesingar og diskusjon i nettforum. Faglærarane vil vere tilgjengeleg for spørsmål i forumet på Fronter. Dessutan blir det jamleg lagt ut undervisningsstoff på fronter. Emnet går inn i bachelorgraden i språk og litteratur med fordjupning i norsk, og i årsstudiet i norsk. Emnet er obligatorisk for studentar som vil ha undervisningskompetanse i norsk i grunn- og vidaregåande skole.

Vurderingsformer

  • Skriftleg prøve (elementær språkkunnskap, må vere bestått før skriftleg eksamen), 2 timar, bestått/ikkje bestått
  • Heimeeksamen (pragmatikk og tekstanalyse, ca. 4000 ord), tel 40 %
  • Skriftleg eksamen, 5 timar, tel 60 %

Alle delane skal skrivast på nynorsk, alle delar må vere bestått, gradert karakter

Det tas forbehold om mindre justeringer i planen.

Publisert av / forfatter Evy Beate Tveter <evy.b.tveterSPAMFILTER@hit.no> - 04.11.2015