Innføring i spansk 2300

Innhold

Emnet er eit elementært språkkurs som skal gje grunnleggande språkkunnskapar i spansk. Emnet gir utteljing med 15 studiepoeng, men kan ikkje inngå som del av fordjupingskrav i spansk i ein bachelorgrad. Emnet passar for studentar som ikkje har forkunnskapar i spansk frå vidaregåande skole eller liknande, men det kan også fungere som ei frittståande grunnopplæring i spansk.

Arbeids- og læringsformer

Undervisninga blir gjeve i webseminar, der forelesar fyrst introduserer dei aktuelle tema før studentane gjer oppgåver i fellesskap med forelesar.
Studentane må rekne med stor eigeninnsats og aktiv deltaking i undervisninga.
Evalueringar av nivå og progresjon vil bli gjort med jamne mellomrom gjennom semesteret.

Vurderingsformer

  • Skriftleg eksamen, 4 timar tel 50 % av samla karakter
  • Munnleg eksamen på inntil 25 min. tel 50 % av samla karakter.
    Prøva er for det fyrste ei samtale på spansk om emne som er gjennomgått i kurset, og for det andre høgtlesing frå og samtale om tekster på spansk.

Det krevst ståkarakter i begge eksamenane for å oppnå ståkarakter i heile innføringsemnet.

Det tas forbehold om mindre justeringer i planen.

Publisert av / forfatter Kristin Midtbø <kristin.midtboSPAMFILTER@hit.no>, sist oppdatert av Ralph Ingemar Stålberg - 07.03.2016