Litteratur før 1900 (samlings- og nettbasert) 2117
Læringsutbytte
Etter studiet skal ein kunne
- gjere greie for innhald, form og tematikk i pensumtekstane og drøfte den litteraturhistoriske plasseringa av dei.
- gjere greie for sentrale norske og nordiske forfattarskapar før 1900 og drøfte litteraturhistorisk plassering.
- gjere greie for ulike litterære sjangrar og kunne bruke sjangerteoretiske omgrep.
Innhold
Norsk litteratur frå mellomalderen til ca. 1900.
Arbeids- og læringsformer
Annnakvart haustsemester. To helgesamlingar à to dagar, nettforelesingar og nettsamtaler i grupper. Det vil bli gitt oppgåver på Fronter som studentane skal levere inn. Dessutan blir det jamleg lagt ut undervisningsstoff. To timar til ei fast tid kvar veke vil lærarane vere til stades i eit samtalerom på Fronter.
Emnet går inn i bachelorgraden i språk og litteratur med fordjupning i norsk, og i årsstudiet i norsk. Emnet er obligatorisk for studentar som vil ha undervisningskompetanse i norsk i grunn- og vidaregåande skole.
Vurderingsformer
- Arbeidskrav (øvingsoppgåve), godkjent/ikkje godkjent
- Oppgåve (heimeeksamen), 1 veke, gradert karakter, tel 40 % av sluttkarakter
- Skriftleg skuleeksamen/slutteksamen, 5 timar, gradert karakter, tel 60 % av sluttkarakter
Alle innleveringar og eksamenar skal skrivast på nynorsk. Det krevst bestått på øvingsoppgåva for å kunne ta eksamen, og ståkarakter på begge eksamenar.
Det tas forbehold om mindre justeringer i planen.
Publisert av / forfatter Sigrid Aksnes Stykket <sigrid.a.stykketSPAMFILTER@hit.no>, sist oppdatert av Kristin Midtbø - 13.10.2016