Practical English 2010N

Læringsutbytte

Ved avslutta emne skal studenten

  • kunne bruke engelsk på ein korrekt og idiomatisk måte, både skriftleg og munnleg
  • vere i stand til å reflektere over samanhengen mellom språklege uttrykksformer og språkleg innhald, inkludert korleis konkrete grammatiske konstruksjonar og ordval påverkar bodskapen ein sender ut
  • kunne bruke grammatikk for å forklare feil og korrigere og forbetre tekster
  • ha god flyt og uttale og uttrykke seg presist munnleg

Innhold

Kurset tek for seg ulike aspekt ved engelsk språkbruk. Den skriftlege komponenten vil fokusere på mellom anna stilnivå, vokabular, riktig setningsoppbygging og dei vanlegaste grammatiske feila. Den munnlege komponenten vil dekke problematiske aspekt av studentane si uttale, i tillegg til presentasjonsdugleikar.

Arbeids- og læringsformer

Emnet blir undervist annakvart haustsemester. Det blir to helgesamlingar à to dagar (saman med emnet English Grammar 2012N), korte nettforelesingar og oppgåvesamtaler på nettet. Det blir jamleg lagt ut anna undervisningsstoff på Fronter, i hovudsak i form av PowerPoint-presentasjonar, lydfilar og oppgåver med løysingsforslag.

Vurderingsformer

  • Skriftleg eksamen, vektast 100% (gradert karakter)
  • Arbeidskrav (1), innlevering av eitt munnleg arbeid (stått/ikkje stått)
  • Arbeidskrav (2), innlevering (stått/ikkje stått)

Alle delane må vere beståtte.

Det tas forbehold om mindre justeringer i planen.

Publisert av / forfatter Øystein Heggelund <oystein.heggelundSPAMFILTER@hit.no>,Islam Youssef <islam.youssefSPAMFILTER@hit.no> - 20.11.2015