841 Folkemusikk 3
Innledning
Studiet er er sett saman av to 30 studiepoengseiningar og går over 2 semester. Studiet byggjer på årsstudiet (FM1) og Folkemusikk 2, fordjuping. I studiet skal studentane arbeide med å vidareutvikle eige musikalsk uttrykk og fortsette å byggje seg ei grunnleggande forståing for formidling av folkemusikk
Målgruppe og opptakskrav
Målgruppa er primært studentar som har fullført årsstudiet og fordjupingsstudiet i folkemusikk og som tek sikte på eit treårig bachelorstudium i folkemusikk. Studentar med tilsvarande føregåande utdanning i Noreg kan også bli vurderte til opptak.
Mål for studieprogrammet
Hovudmål for tredjeårsstudiet er at studentane utviklar ei spisskompetanse med basis i dei to føregåande studieåra. Studentane skal utvikle ei sjølvstendig tilnærming til formidling og utøving av folkemusikk. Dei skal gjennom eit eige fou-arbeid / feltarbeid tileigne seg røynsler og teoretisk kunnskap kring forsking og utviklingsproblematikk innan fagfeltet.
Læringsutbytte
Sjå emneplan.
Studieprogrammets innhold, oppbygging og sammensetning
Obligatorisk emne:
|
Studiet går over to semester. Det eine semesteret inneheld ein praktisk / teoretisk fellesdel på 30 studiepoeng.
Delemner i dette semesteret er Etnomusikk - musikktradisjonar og samfunn, FoU og formidling, hovudinstrument, samspel, satslære og arrangering
Det andre semesteret utgjer ei bacheloroppgåve. Denne tek form av eit prosjekt med tilhøyrande rapport. Prosjektet kan vinklast mot utøving / formidling eller mot ei meir teoretisk analyse av eit tradisjonsområde. Utanlandsopphald kan også vere aktuelt i dette semesteret. Studenten vil ha tilgang til fast rettleiar i arbeidet med prosjektet.
Internasjonalisering
Utanlandsopphald i kortare periodar kan vere aktuelt.
Arbeids- og læringsformer
Arbeids- og undervisningsformene i studiet er forelesingar, seminar, gruppearbeid, verkstadarbeid, ekskursjonar og sjølvstudium. Undervisninga vil bli lagt til intensive bolkar og til meir prosjektretta arbeid. Studentane må arbeide individuelt og i grupper for å planlegge og gjennomføre konsertar, turné og andre aktuelle formidlingsoppgåver.
Ekskursjonar er knytt til studiet.
Vurderingsformer
Det tredje studieåret i folkemusikk går over to semester på kvar 30 studiepoeng.
Vurderingsforma går fram av dei einskilde emna som inngår i studieprogrammet.
Det tas forbehold om mindre justeringer i planen.
Publisert av / forfatter Bodil Akselvoll <bodil.akselvollSPAMFILTER@hit.no> - 05.01.2016